Translate

mandag 31. januar 2011

Fargerik redesignkjole... til sommaren







Denne kjolen er bl.a sydd av ein retrokjole fra 60-70 talet. Fargane i kjolen er berre heilt knall syns eg. Midtstykket er klipt av ein korallrød topp frå Cubus og skjørtedelen er eit turkis jersey stoff fmed kvite kløver, frå Cetho design. Dette blir ein fin vår og sommarkjole.



Str. ca 42/44

Froskekjole i velour m/hette







Denne fargegladekjolen har eg sydd av herleg turkis stretch chenille (velour)frå S&S. Hettekanten og ermekantane er sydd av eit fargerikt jerseystoff frå Cetho design. På brystet har eg applikert på ein smilande frosk med hjertemunn og gul krone. Fin eller??



Nede på kanten av kjolen framme har eg malt på orda: happiness, fun, joy og love.



Denne kjolen er sydd til meg, og eg brukte den for fyrste gong i kveld. Veldig fornøgd med resultatet:)))



Str 42/44

søndag 30. januar 2011

Gult er kult:))







I kveld spurde eg Mari (dottera mi på 10 år) om eg skulle sy ein fleecekjole til ho, med hette. Ja det ville ho og fargane skulle vera gul med innslag av lilla. Eg fann fram eit mønster eg har laga i str ca 8 år. Hadde ikkje laga hette på barnekjole før, så det blei nok eit prøveprosjekt...:)



Mari ville at det skulle vera hjarte på brystet og på hetta. Her ser du resultatet:) Så i morgon blir det ny kjole på skulen.



Str. ca 8 år

lørdag 29. januar 2011

hettekjole til meg sjølv..:)







I kveld har eg sydd fleece-kjole med alvehette i nyyydeleg coboltblå fleecestoff frå Stof2000, til meg sjølv:)) Bryststykket er ullfilt med fargerike strekar på svart botn, frå S&S. Kjolen blir nok varm og god på kalde dagar. Har sydd kjolen med overlocksaumar på utsida på hetta, ryggen og ermemansjettane. Resten av kjolen har saumar på innsida.



Str. 42/44

tirsdag 25. januar 2011

Redesignkjoler til sals i eplabutikken min:)







Har vore gira på redesign i det siste. Har no lagt ut fleire av kjolane i nettbutikken min









"tut tut sier pappa's bil..."







I kveld blei eg inspirert til å laga nok ein redesignkjole. Utgangspunktet var overdelen på ein avklipt retrokjole, som eg kjøpte på Fretex i haust. Knalltøff i fargane tykkjer eg. Sydde på lilla ribb, og grøn stretch chenille til skjørtedelen. Applikerte på ein bil på framsida. Bak på kjolen har eg sydd på ein kvit lapp, der det står skrive "Tut tut sier pappa's bil.."





Så no er det berre til ut å køyra....:)



Str. L

SOLGT!






lørdag 22. januar 2011

Bestillingskjole med hette





I dag har eg sydd ferdig ein bestillingskjole til ei dame som ynskte svart fleecekjole med lang alvehette og hjarter. Hetta skulle vera lang. Eg valgte å sy overlock-saumar på utsida, på hette, ermekantar og saumen midt bak. Brukte lilla tråd for å få litt kontrast. Eg blei veldig fornøgd med resultatet, så no håpar eg kunden blir fornøgd òg:) Dette var andre kjolen med hette, så no kan eg berre fortsetja med hettekjolar. Dette var gøy!! Har planar om å sy ein kjole til meg sjølv i velour, og den skal få hette!! Har ein del bestillingar no, så det spørs kortid det blir.....:) Men eg får tid til det eg vil, så det så:))



Pris: 850,-


Str. 48/50



SOLGT!

tirsdag 18. januar 2011

...redesignkjole, denne gongen i rosa:)




Må berre nok ein gong seia at det er så moro å skapa noko nytt av noko gamalt:)


I kveld fann eg fram ein bluse eg har kjøpt på bruktbutikken i Sogndal+ del av ein topp eg har klipt av og sydd noko anna av før+ eit fargerikt viscosejerseystoff eg kjøpte på Stoff og Stil i haust. Så sette eg i gong og klipte litt og sydde litt, og tadaaa så blei det jammen ein fin kjole, tykte eg:) Sydde saman det meste av kjolen med "overlock'en". Brukte turkis tråd sidan det kjem att turkise felt i skjørtedelen på kjolen.


Str ca 42.
Pris: 690 kr

SOLGT!!


mandag 17. januar 2011

fleecekjole m/gekkoar..




I dag har eg sydd fleecekjole igjen. I turkis polarfleece frå S&S. Bryststykket er stoff frå eit fleeceteppe med gekkomotiv. Eg har applikert på ein liten gekko nede på høgre skjørtekant.




Kjolen er i str 40/42 (ca) Stoffet har god stretch.
Pris: 750,- Salg: NO 500,-

                               SOLGT!!


"spidermanfleecedress"




Bestillte dette kule spindelvevfleece-stoffet frå det danske firmaet "Stof2000" Såg fort at dette måtte bli eit tøft stoff å bruka til bukse og gensar til guten min på snart 6 år:) Buksa har ribb frå S&S i livet og nede på beina. Gensaren har fått eit Spiderman symerke på brystet. STILIG!!!


Her ser du resultatet. Og guten min blei kjempefornøgd

lørdag 15. januar 2011

"P U L L - O V E R"- redesigntunika







Kjøpte ein brukt lang gensar på "nettet", som kom i posten i går. Tykte applikasjonane på gensaren var veldig kule, men gensaren var litt kjedeleg elles. Så i dag bestemte eg meg for at denne gensaren skulle få eit nytt liv som redesignprodukt.



Eg fann fram eit kjolemønster og klipte framdel og bakdel av gensaren. Sidan gensaren ikkje var så lang, så blei ikkje dette ein kjole, men meir ein smal tunika. Ermene har eg sydd av eit "zig-zag"-stoff frå S&S. I halskanten har eg sydd på eit raudt kanteband frå S&S. Har brukt overlock-maskina mi til å sy plagget saman.

Str: 40/42
Pris: 400,-
Eg blei ganske fornøgd med resultatet.

Bestillingskjole igjen...







Her er det ei dame som har bestillt svart velourkjole med pinnsvin på. Kjolen er 97 cm lang. Hadde litt dårleg samvit for denne kjolen, då den var bestillt før jul og blei ikkje ferdig før i går kveld. Men no er den altså klar, så no håpar eg berre ho som skal ha den blir fornøgd:)






Str 38

Bestillingskjole


Fekk bestilling på ein velourkjole. Kunden ville ha kjole uten ermer, lengde 80 cm. Eg valgte då ein nydeleg coboltblå farge på velouren og laga applikasjoner av ein topp eg har kjøpt på bruktbutikken i Sogndal.


Str M


Håpar kunden blir nøgd:)

søndag 9. januar 2011

Prøveprosjekt.....kjole m/hette







Har i eit år no tenkt på at det hadde vore moro å prøve å sy kjole med lang alvehette.



I dag fekk eg ei henvending om eg sydde kjoler med hette, så då måtte eg berre prøve det. ENDELEG!



Eg hadde ein kjole i fleece, som eg har kjøpt av ei anna sydame og den var med hette. Eg prøvde å teikna av denne hetta og laga mitt eige mønster. det blei litt klumpete på kanten av hetta, men eg skal gjera nokre små justeringar ved neste forsøk, trur eg vil laga hetta litt spissare og litt lengre og eg trur at eg vil ha ein saum der bretten på hetta skal vera. Kanskje det blir fint med ein overlocksaum?? Eg kjem i allefall til å prøva til igjen, men vil som sagt gjera litt forbetringar/ endringar. Øvelse gjer meister heiter det jo:)



Fargekombinasjonen blei litt feil òg, men den kom seg litt når hjarteapplikasjonen kom på. Fekk litt korkappe evt nissedrakt fornemmelsar:)



Trur ikkje denne kjolen kjem ut for sal, då eg ikkje er heilt fornøgd med resultatet, men kanskje eg tek den i bruk sjølv, den passar i allefall meg, i str.



Str 42/44

torsdag 6. januar 2011

Fleire halsar i fleece







I kveld har eg sydd fleire halsar i fleece, denne gongen i one-size vaksenstorleik. Halsane er kjempemjuke og gode å ha på. Og dei klør ikkje:)






To av halsane blei sydd av fleeceteppe med ulike motiv og ein hals blei sydd i off-white polarfleece, frå stoff og stil. Eg har sydd saumane med overlock maskina mi og det går som ein draum å sy med den:)






Har du lyst på ein fleece-hals er det berre til å ta kontakt, så syr eg gjerne til deg. Elles så ligg dei eg har sydd i kveld, ute for sal i nettbutikken min http://randidesign.epla.no/






Str: One-size



Pris: 75,- pr stk

tirsdag 4. januar 2011

"LOVE & RESPECT"-fleecekjole







I dag har eg sydd årets fyrste fleecekjole. Kjekt å sy igjen:)



I morgon har eg fridagen min, så då håpar eg å få sy litt meir, har bl. a ein kjolebestilling eg burde koma igong med. Men det er jo så kjekt å få ut litt kreativitet.



Så altså i dag har eg sydd kjole i off-white polarfleece, frå Stoff og Stil. Fann eit nydeleg fleeceteppe på KID i dag, som gjorde at eg kom i gong med kjolen. Eg såg føre meg mønstermotiva i teppet, som nydelege applikasjonar på ein fleecekjole. Som tenkt, så gjort. Teppet hadde rosa botnfarge med kvite prikkar, dette brukte eg litt av på kanten av ermene.



Eg blei ganske fornøgd med kjolen. Romantisk, men samstundes litt kul kjole, syns eg:)


Kjolen passar til meg, så eg vil seia et dette er ein L/XL-str.

Pris: 750,-


*SOLGT*

lørdag 1. januar 2011

GODT NYTT ÅR!

Ja då var me inne i eit nytt år. Ynskjer alle mine lesarar eit velsigna godt nytt år!!
Eg gler meg til å byrja å sy litt igjen. Har hatt litt pause frå symaskina no i jula, men no er eg klar igjen. Har kjøpt inn fleire nye stoff som ligg klare og ventar på å bli til kjolar, skjørt, vottar, halsar m.m. Så det er berre til å ta kontakt om du ynskjer å bestilla noko frå RandiSign:))