Translate

mandag 25. juni 2012

SYRINLILLA KJOLE





Denne kjolen blei til i kveld. Syns den blei fin og enkel i stilen. Fine fargekombinasjonar, om eg skal seia det sjølv:) Grønt og lilla er fint i lag.
Skjørtedelen og bryststykket er syrinlilla stretch chenille,frå S&S.














Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå ein fargerik syntetisk vintagekjole, kjøpt på Fretex. Ermene er òg gjenbruksmateriale frå ein fin eplegrøn sommarkjole, som eg har fått av  ein god kollega.











Halskant og ermekantar er kanta med mørk lilla ribb, frå S&S.


















På bryststykket har eg sydd på ei beige lita hekla brikke, kjøpt på bruktbutikken. I midten av brikka har eg sydd på ein nydeleg oval vintage knapp i rosa og sølvfarge.










Skjørtekanten er kanta med eit lys aprikosfarga blondeband.





Str. L (42/44)
Lengde: ca 94 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!

søndag 24. juni 2012

SATENGKJOLE i TURKIS



I kveld har eg sydd ein kjole til i  kjolemønsteret frå S&S.
Denne gongen har eg brukt eit turkis og gullbeige farga kinasatengstoff, kjøpt på Fretex.























Bærestykket er gjenbruksstoff frå ein lysblå crimpelinkjole frå 70 -talet. Ermene er sydd av eit syntetisk vintagestoff i flotte fargar. Ermekantar og halskant er kanta med lilla ribb, frå S&S.
Me får sjå kor lenge denne kjolen varer, det er nemleg fort at saumane "raknar" og satengen flyssar seg opp og det bli hol. Greit det så lenge eg skal ha den sjølv:)  Kanskje kjolen får vera med på ferieturen til sydlegare strok seinare i sommar??:)

Str. ca 44

SOLGT!!

MUFFINSKJOLE





Fekk ein bestilling for eit par veker sidan på ein kjole, der ho som skulle ha kjolen kom med ganske detaljerte opplysningar om korleis ho ville ha kjolen. Her ser du korleis kjolen blei.
Heile kjolen er sydd av stretch chenille, frå S&S. Kjolen er kanta med lys rosa ribb rundt halskant og ermekantar.









Nederst på skjørtekanten har eg sydd på ein "tittekant" av lysrosa tyll, òg frå S&S.





På bryststykket er det sydd på ein rund muffinsapplikasjon med ei turkis kroklisse rundt.

Str. ca 38
Mønster:mitt eige

Pris: 850,- + porto







Dama som bestillte kjolen blei nøgd og då er eg òg glad og fornøgd:)

fredag 22. juni 2012

Har prøvd ut eit nytt kjolemønster




Forrige gong eg bestillte stoff frå Stoff og Stil, bestillte eg meg eit kjolemønster (str 44) for å sy nokre nye kjolar til meg sjølv i ein ny modell:)
Sidan dette ikkje er mitt eige mønster, så vil eg ikkje sy kjolar i dette mønsteret for å leggja ut for sal (det er vel ikkje lov heller?? STOFF OG STIL har sjølvsagt copyright på sine mønster) Men det var eit greit mønster å sy etter. Denne sydde eg på onsdag. Kjolen er i 6  deler + ermer og bærestykke.




Eg gjorde litt om på mønsteret i halskant og ermekantar. Der sydde eg på ribb i staden for å laga beleggkant i halsen. Laga halsutringinga litt vidare òg, men kunne ha laga den endå vidare. Det vil eg gjera på neste kjole eg lagar i dette mønsteret.





Kjolen er litt redesign, då eg bl.a har brukt stoff frå ei lyseblå chambreyskjorte/kjole, kjøpt på Cubus. Uglestoffet er kjøpt på JYSK, blondestoffet som er brukt til ermer, har eg kjøpt på S&S. Kanta med lilla ribb, frå S&S.Bærestykket er grå stretch chenille med lilla prikkar, frå Stof2000 (trur eg) Og skjørtekanten er kanta med lilla bomullsstoff med kvite prikkar, frå S&S. Str. passa perfekt til meg, og denne modellen er fin å bruka med ein tights under. Det blir nok fleire slike kjolar på meg:)

Har sydd ein til i kveld, der eg bl.a har brukt litt gjenbruksmateriale frå ulike dongeribukser i tillegg til nokrenye stoff. Den får eg blogga om ein annan dag:) Blei fin den òg:)

torsdag 14. juni 2012

GRØNN KATTEKJOLE:)





Denne kjolen er sydd av herleg mjuk grøn stretch frottè, frå Jofotex. Brysstykket er eit mønstra viskosejersey stoff, frå Jofotex.








Halskant og ermekantar er kanta med grønt sportstretch stoff, frå S&S.
Skjørtekanten er kanta med same stoff som i bryststykket.









På framsida av kjolen er det applikert på ein søt katt, og på baksida er det applikert på to leikande kattar. Så dette er kjolen for ei som er glad i kattar:)









Denne gongen blei det ein kjole utan raglanermer:)
Ermene er litt lengre enn "korterma", så kjolen kan fint brukast heile året.
God stretch i stoffa.

Str. L (42/44) kan sikkert passa ein rein 44 str òg.

Pris: 825,- + evt porto

SOLGT!!

onsdag 13. juni 2012

"FUNNY SUMMER-DRESS"




Her har eg sydd ein litt barnsleg, morsom kjole til late sommardagar. Kjolen er fargerik og gjer meg glad av å sjå på. Håpar den kan gleda nokon andre òg:)
Bryststykket og ryggstykket er sydd av mønstra viskosejersey, frå S&S. Ermene ersydd av rosa stretch chenille, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit kvitt bomullsliknande stoff med mange fargerike dyr, som opprinneleg har vore ei gardin, kjøpt på Fretex.


















Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.

Kjolen er i str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm
Pris: 795,- + evt porto

SOLGT!!


Mønster: mitt eige

tirsdag 12. juni 2012

LILLA OG BRUNT ER EIN FANTASTISK KOMBINASJON:)




Denne kjolen er bl.a sydd av eit flott brunt syntetisk vintage stoff med beige/gullfarga roser. Eg har kombinert dette stoffet med støvlilla stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eit lilla bomullsstoff med små kvite prikkar. Dette blei ein flott kombinasjon, syns eg:)
















Eg har pynta kjolen med eit stort hjarte på bryststykket.








Kjolen blei i str. L (ca 42/44)

Pris: 790,- + evt porto













Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Mønster: mitt eige

LILLA OG SØLVGRÅ KJOLE




Denne kjolen er sydd av ulike stoff frå S&S.
Bryststykket og ryggstykket er sydd av lilla bomullsjersey med små søte beige blomar. Ermene er sydd av eit sølvgrått syntetisk strikkestoff. Skjørtedelen er sydd av eit bomulls/polyesterliknande kvitt stoff med lilla store bladmønster. Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb.













Dette er ein fin sommarkjole, men kan sjølvsagt brukast andre tider på året òg:)










Str. L/XL (ca 44)

Pris:  795,- + evt. porto
SOLGT!!

Mønster: mitt eige

tirsdag 5. juni 2012

"BLOOMING-STAR"-kjole



Denne kjolen blei ferdig i går. Den er sydd av ulikt materiale.
Bryststykket og ryggstykket er turkis og grå stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av mørke blått blondestoff, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er eit flott turkismønstra vintagestoff.
Eg valgte å ikkje ha ribb på ermekantane på denne kjolen, for å få litt variasjon. Halskanten er kanta med turkis ribb, frå S&S.














På bryststykket har eg sydd på ei stor  limegrøn stjerne med blåe blomar, og i midten har eg sydd på ein turkis stor og flott vintage knapp:)

Kjolen er i str. L (42/44)
Pris: 795,- + evt porto

SOLGT!!

lørdag 2. juni 2012

LIMEGRØN OG LILLA SOMMARKJOLE




Var innom bruktbutikken i bygda i førmiddag, og då fann eg dette limegrøne stoffet og ein heklaliknande topp. Dette gav inspirasjon til å gå heim å sy kjole. Her ser du resultatet. Syns den blei sommarsleg og fin. Brukte nok ein gong raglankjole mønsteret mitt.Eg elskar dette mønsteret!!















Bryststykket er mønstra viskose jersey, frå Jofotex. Ryggstykket er lilla stretch chenille med grå prikkar, frå MG-tyger.





Ermene er gjenbruksstoff frå toppen eg kjøpte i dag.
Og skjørtedelen er det fine limegrøne stoffet, som er eit syntetisk vintage stoff.
Har pynta kjolen litt med hjarte i same stoff som bryststykket.







Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb frå S&S.

Str. L (42/44)

Pris: 790,- + evt. porto

SOLGT!!