Translate

mandag 25. juni 2012

SYRINLILLA KJOLE





Denne kjolen blei til i kveld. Syns den blei fin og enkel i stilen. Fine fargekombinasjonar, om eg skal seia det sjølv:) Grønt og lilla er fint i lag.
Skjørtedelen og bryststykket er syrinlilla stretch chenille,frå S&S.














Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå ein fargerik syntetisk vintagekjole, kjøpt på Fretex. Ermene er òg gjenbruksmateriale frå ein fin eplegrøn sommarkjole, som eg har fått av  ein god kollega.











Halskant og ermekantar er kanta med mørk lilla ribb, frå S&S.


















På bryststykket har eg sydd på ei beige lita hekla brikke, kjøpt på bruktbutikken. I midten av brikka har eg sydd på ein nydeleg oval vintage knapp i rosa og sølvfarge.










Skjørtekanten er kanta med eit lys aprikosfarga blondeband.





Str. L (42/44)
Lengde: ca 94 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar