Translate

søndag 24. juni 2012

SATENGKJOLE i TURKIS



I kveld har eg sydd ein kjole til i  kjolemønsteret frå S&S.
Denne gongen har eg brukt eit turkis og gullbeige farga kinasatengstoff, kjøpt på Fretex.























Bærestykket er gjenbruksstoff frå ein lysblå crimpelinkjole frå 70 -talet. Ermene er sydd av eit syntetisk vintagestoff i flotte fargar. Ermekantar og halskant er kanta med lilla ribb, frå S&S.
Me får sjå kor lenge denne kjolen varer, det er nemleg fort at saumane "raknar" og satengen flyssar seg opp og det bli hol. Greit det så lenge eg skal ha den sjølv:)  Kanskje kjolen får vera med på ferieturen til sydlegare strok seinare i sommar??:)

Str. ca 44

SOLGT!!

1 kommentar:

  1. denne her likte jeg utrolig godt! kan du ikke lage flere slike?? elsket fargene:=)

    SvarSlett