Translate

torsdag 6. juni 2013

BLÅ KJOLE MED SKYER OG HJARTE

Denne kjolen blei ferdig i kveld. Den er sydd av ulike syntetiske stoff.

Overdelen er sydd av eit kvitt vintagestoff med blåe skyer og rosa hjarteforma regndråpar og rosa paraplyar. Dette stoffet kjøpte eg på Fretex for eit par år sidan. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein kvit vintagekjole med blåe prikkar, kjøpt i ein bruktbutikk på Rjukan.
Skjørtedelen er sydd av eit flott coboltblått bistretchstoff, frå S&S.










Sidan det var hjarteforma regndråpar i overdelen, så måtte det bli litt
"L O V E" som applikasjon på skjørtedelen:) Eg har laga bokstavane av ein stoff- rest frå ein kul blå vintagekjole med grønt og rosa mønster. Det er òg applikert på eit stort rosa hjarte på framsida av kjolen, og eit lite hjarte på baksida.











Halskant er kanta med rosa ribb. (ein stoff-rest frå ein  ubrukt jerseytopp)

Denne kjolen er nok fin å bruka heile året, og den sit fint på. Flott "fall" i skjørtedelen.

Str. L (ca 42/44)

Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no 
 
 

onsdag 5. juni 2013

DAGENS PRODUKSJON:)

I dag har eg sydd litt til meg sjølv. Ville ha eit par nye toppar til sommaren og laga fyrst eit mønster av ein kjøpt topp, som var sydd i to deler. Klipte toppen opp og brukte som mønster, men laga den litt om. Viskosejersey frå S&S.
Og slik blei den:

Vart ganske fornøgd med resultatet. Fin å bruka til shorts og skjørt.



Den andre toppen eg sydde i dag brukte eg blusemønsteret frå JippiiYes  (står i boka Made by Me)
Dette mønsteret har eg brukt fleire gonger, og då har eg sydd på ribb nederst. denne gongen laga eg berre oppbrett nede. I tillegg sydde eg ermene inn ein del, då eg tykkjer ermene blir litt store og posete i det opprinnelege mønsteret.
Blusen er sydd av eit vintage dynetrekk og gjenbruksmateriale frå ein dongeritunika, kjøpt på loppemarknad.



Her ser du blusen ferdig:
 
 
I fjor kjøpte eg ein gammal frottèstrandkjole, på nettet.  Den var no blitt så gammal og utslitt at det var uaktuelt å ta den med på årets ferietur. Så eg spretta kjolen opp og brukte den til mønster for ein ny strandkjole. Eg hadde liggjande eit kvitt frottèstoff med oransje mønster, som fint kunne brukast til dette formålet. Kunne òg ha brukt eit stort badelaken. Eg blei fornøgd med kjolen. Brukte oransje ribb rundt ermeopningane og rundt halskanten. I den opprinnelege kjolen var det brukt skråband. Eg sydde på ein oransje kant nederst på skjørtekanten, for at kjolen skulle bli litt lenger. Dette er ein kjole til å ha til og frå stranda og fin å slenga på seg utanpå bikinien når ein skal eit lite ærend:)  Her ser du kjolen:
 
 
 
 
Så har eg sydd ein kjole i dag, som er lagt ut for sal i eplabutikken min, her er den:
 
 
 
 
Str. L (ca 42)
Pris: 825,-
 
Mønster: mitt eige
 
Ja i dag fekk eg jammen sydd ein del:)
 
 

LYSEBLÅ KJOLE MED FARGERIKE SMå BLOMAR

Denne kjolen blei sydd forrige veke, men eg har ikkje laga blogginnlegg om den før no:)
Har bestillt litt vintagestoff på nettet i det siste, bl.a dette herlege blå stoffet. Skikkeleg syntetisk stretchstoff, som er vintage, men ubrukt!!














Det berre måtte bli ein kjole:) Det rosa hekleliknade stoffet, som er brukt til ermene,  er kjøpt på S&S.
Kjolen er sydd etter mitt eige raglankjolemønster.

Str. 42/44






SOLGT!!