Translate

lørdag 22. februar 2014

VÅRKJOLE MED M/Katteapplikasjon

Denne kjolen blei ferdig i dag. den er sydd av mjuke stoff, frå S&S.
Ryggstykket og skjørtedelen, er sydd av oransjemelert viskosejersey. Bryststykket og ermene er sydd av litt tynt mønstra viskosejersey. Halskant,ermekantar og  skjørtekant er kanta med plommelilla viskosejersey.

På framsida av kjolen er det applikert på ein stor fin katt. Eg har brukt to blåe knappar til auge og ein aprikosfarga perlemorsknapp, til snute.









Tenkjer at dette må vera ein fin vår og sommarkjole, med 3/4 lange ermer.
Eg blei i allefall glad av å både sy og sjå på denne kjolen og det fekk meg til å tenkja på varme vår- og sommar dagar, som kjem om ikkje så lenge:)

Str. L/XL (ca str 44)
Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no



ROSA KJOLE MED STJERNE:)




Denne kjolen blei til for nokre dagar sidan. Eg var  til Bergen førre helg og då var eg innom både Fretex og Stoff og Stil. Kjøpte med meg ein del nye stoff og klesplagg til redesign:)













Her har eg brukt nokre av stoffa.




På skjørtekanten er det sydd på eit smalt rosa pompongband, frå S&S.
Ryggstykket og eine ermet og halskant og ermekantar, er gjenbruksmateriale frå ein mønstra viskosejerseykjole, frå Fretex.










Bryststykket er plommelilla viskosejersey, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit rosa syntetisk stretchstoff, frå S&S. Kjolen har fått ei grå stjerne applikert på baksida av kjolen. På framsida er det applikert på ein rund applikasjon med ein knapp inni.
På bryststykket er det stroke på eit stjernemotiv (strykemerke frå S&S).  Håpar det ikkje går vekk i vask:)
Må i allefall hugsa å vrenge kjolen når den skal vaskast:)







Kjolen skal eg ha sjølv og blir ikkje lagt ut for sal:)

Str L (42/44)
Mønster: mitt eige

tirsdag 18. februar 2014

REDESIGNKJOLE I BLÅTT OG ROSA:)






Dette er ein redesignkjole i knall fargar. Overdelen er gjenbruksmateriale frå ein blå vintage satengbluse, frå Fretex. (var innom Fretex på Voss og i Bergen, i helga) Dei mosegrøne detaljane er gjenbruksmateriale frå ein viskosejerseykjole, òg frå Fretex.  Skjørtedelen er sydd av eit rosa syntetisk stretchstoff, frå S&S.















Kjolen har 3/4 lange ermer og kan fint brukast heile året.












På skjørtedelen er det applikert på ein stor rund applikasjon  med stoff frå det som er brukt i overdelen. Knappane i blusen blei bytta ut med ein limegrøn og ein rosa knapp. Då blei kjolen endå kulare, syns eg:)







Str. L (42/44)
Mønster: mitt eige

Pris: 825,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min om du skulle ynskja deg ein ny kjole til våren:)
http://randidesign.epla.no

tirsdag 11. februar 2014

FARGERIK KJOLE

Denne kjolen blei ferdig i går og er sydd av ulike stoff frå S&S.
Overdelen er viskosejersey og skjørtedelen er sydd av  eit syntetisk jadegrønt melert stoff med litt stretch.
Halskant og ermekantar er kanta med jadegrøn courtelle.
Kjolen har 3/4 lange ermer.



Mønster: mitt eige
Str. M (ca str 40)
Pris: 849,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

onsdag 5. februar 2014

RandiSign-hua til sals

I dag har eg sydd nok ei hue. Den blei i turkis. Hua er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no
















Str. ca 55-59 cm i hovudstorleik

Pris: 225,- + porto


tirsdag 4. februar 2014

LILLA TUNIKA AV ULL

Førre veke bestillte eg "ull på rull", frå Janus.
I helga sydde eg meg ein ulltunika av noko av stoffet eg bestillte.

Brukte eit kjolemønster frå S&S, men har endra det litt. Laga delt ryggstykke og har laga lange "mansjettar" på ermekantane, og tok av ein del på lengda.







Tunikaen blei varm og god å ha på. Skikkeleg koseplagg til kalde dagar:)











Pynta tunikaen med eit stripete hjarte på brystet:)






















Kjøpte og eit svart og kvitstripete ulljerseystoff, som eg i kveld har sydd ei undertrøye av til jenta mi på 13:) Ikkje så mykje eg får sydd til ho (ho vil nemleg ikkje ha kjolar, skjørt osv), men ulltrøye ville ho ha:) Brukte resten av det stoffet til å sy hue til mann og minstemann på 9:) Så då har me alle fire fått oss eit nytt ullplagg:)





Str. ca 42/44

DONGERIKJOLE MED BLOMAR OG EIN ENGEL PÅ RYGGEN:)

Denne kjolen sydde eg  for nokre dagar sidan og den er sydd av mørk stretch dongeri, frå S&S. Sidestykka  på framsida og ermene, er gjenbruksstoff frå ein dongerikjole kjøpt på sal:) Bærestykket på framsida av kjolen er sydd av gjenbruksmateriale frå ein flott vintage crimpelinkjole, frå 70-talet.















Kjolen har pynta seg med blomar frå vintage kjolen + at eg har applikert på ein lyseblå engel på ryggen .

Kjolen er sydd etter eit velbrukt kjolemønster frå S&S. Har som vanleg endra litt i halsopninga. og sydd litt meir innsving i ryggen.

Str ca 42/44