Dette er ein redesignkjole i knall fargar. Overdelen er gjenbruksmateriale frå ein blå vintage satengbluse, frå Fretex. (var innom Fretex på Voss og i Bergen, i helga) Dei mosegrøne detaljane er gjenbruksmateriale frå ein viskosejerseykjole, òg frå Fretex. Skjørtedelen er sydd av eit rosa syntetisk stretchstoff, frå S&S.
Kjolen har 3/4 lange ermer og kan fint brukast heile året.
På skjørtedelen er det applikert på ein stor rund applikasjon med stoff frå det som er brukt i overdelen. Knappane i blusen blei bytta ut med ein limegrøn og ein rosa knapp. Då blei kjolen endå kulare, syns eg:)
Str. L (42/44)
Mønster: mitt eige
Pris: 825,- + porto
http://randidesign.epla.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar