Translate

onsdag 28. mars 2012

KJOLE I SVART OG LILLA


Denne kjolen er ein bestillingskjole. Ho som har bestillt kjolen ville gjerne ha ein kjole i svart og lilla.
Alle stoffa er ulike syntetiske stoff, frå S&S.
Mønsteret er mitt eige.
Stoffa som er brukt på framsida av kjolen er litt tynne stoff, så eg har fòra kjolen der med svart polyesterstretch, frå S&S.









Dessverre blei kjolen akkurat litt for trang over bysten, så no blir kjolen lagt ut for salg i eplabutikken min
http://randidesign.epla.no



Str. ca 34/36
Bystemål: 70 cm
Pris: 790,-

FARGERIKT SKJØRT



Dette er endå eit skjørt i 6 deler. Det er sydd av gjenbruksstoff frå ei gardin med fargerike rundingar, kjøpt på Fretex. Og eit knallraudt bomulls-polyester stoff.
Skjørtet har fått oransje ribb i livet, frå Mg-tyger.
Skjørtet lengtar etter å få koma ut i sola, dette er eit gla'skjørt, til ei glad dame:)

Str. ca M (38/40)
Lengde: 52 cm
Pris: 490,- + evt porto
SOLGT!!

DONGERISKJØRT ER ALDRI FEIL:)




Har klipt i sund endå fleire dongeribukser og sydd eit nytt kult skjørt:) Redesign er moro!!!
Har brukt skjørtemønsteret mitt i 6 deler. Midtstykket framme og bak på skjørtet er eit blandingsstoff, truleg bomull og polyester, frå JYSK trur eg.
Har pynta skjørtet med 3 blomeapplikasjoner framme og 1 blome på baksida.
Skjørtet har fått rosa ribb i livet, frå S&S.

Dette skjørtet lengtar etter å få koma ut i vårsola:) Fint å bruka med ei farkerik strømpebukse under, eller med bare bein til sommaren.
Skjørtet er i ca str 38 (litt smalt i livet)
Lengde: 52 cm






Pris: 525,- + evt. porto
Skjørtet ligg for sal i nettbutikken min:

søndag 25. mars 2012

REDESIGN DONGERISKJØRT





I dag har eg klipt opp to avlagte dongeribukser, som eg ikkje har brukt på lenge (eg går jo nesten berre i skjørt og kjolar:)






Fann ut at desse buksene kunne bli eit kult dongeriskjørt i 6 deler, med ribb i livet. Buksene hadde litt
"slitt-look"  (kjøpt slik frå butikken)


Måtte jo pynta skjørtet litt òg, så eg fann ein rest av eit nyyydeleg vintagestoff i knallfargar, og laga til 5 små blomar, som eg applikerte på skjørtet. 4 på framsida og 1 på baksida.





Skjørtet passar til meg, men eg har bestemt meg for å leggja det ut for sal i nettbutikken min:
Men det er ikkje sikkert eg let det liggja der så lenge, så har du lyst på skjørtet, så ikkje tenk for lenge på saken:)
Str. 42/44
Lengde: 56 cm
Pris: 490,- + evt porto

"BLOMSTER SMÅ, GULE BLÅ...."



I dag har det vore ein fantastisk flott vårdag her me bur:) Og no spirar det rundt omkring i blomsterbeddene.
Har ei lita blåveistue i eine blomsterbeddet mitt, og no blømer den så fint:)
Krokusane kjem òg for fullt. NO ER DET VÅR!!!!!!! I dag sette mannen min opp trampolina til ungane, og det var stor stas. Syklane er komt fram, og joggesko er komt på beina til ungane. Ja det er med andre ord snart farvel til vinterklede, ski og kjelkar for denne gong. Men me må nett venta til over påske. Her blir det hyttepåske og skiturar:)

Det er ei utruleg flott årstid me no går i møte:)
Ynskjer alle lesarar ein flott vår.

Håpar det er vårstemning der du bur òg:)

lørdag 24. mars 2012

BLÅTT OG GRØNT ER SKJØNT:)

Fekk pakke i posten i går med 3 flotte vintagestoff. Måtte berre laga ein kjole med det eine stoffet i går kveld:)
Etter litt grubling fram og tilbake, landa eg på denne stoffkombinasjonen. Det er det blåe stoffet som var utgongspunktet for kjolen. Brukte eit grønt crimpeline vintagestoff med kvite striper, til bryststykket. Ermene er sydd av plommeraudt blondestoff og eit mønstra jerseystoff, begge frå S&S.
Blått og grønt er nydeleg i lag, syns eg. På 70-talet var denne kombinasjonen, "ikkje lov". Eg kan ikkje skjøna kvifor desse fargane ikkje skulle vera fine i lag?
Dette blåe stoffet med litt innslag av grønt og burgunder er eit syntetisk stoff, som ikkje krøllar, FANTASTISK!!!! Syns det ser ut nesten som eit abstrakt måleri:)Eg sydde på eit burgunderfarga pongpong- band, i saumen under bryststykket.



Fann ut at eg ville ha eit hjarta applikert på brystet på denne kjolen òg. For å gjera det litt ekstra kult, så sydde eg på eit rektangel av eit svart stoff m/rosa prikkar, før eg sydde på hjarta. Sydde ein lysgrøn vintage knapp inni hjarta. Har kanta kjolen  med det same stoffet som er brukt på ermene, langs skjørtekanten og rundt halskanten.
Kjolen passar til meg, så denne vil eg behalda sjølv:) Blir fin å bruka som vårkjole, tenkjer eg:)
Str. 42/44

Mønster: eige

SOLGT!!!

onsdag 21. mars 2012

NO ER DET TID FOR VÅRSKJØRT!!


SOLGT!!



I dag har eg klipt til 5 skjørt og ein kjole.
Har fått sydd ferdig 2 av skjørta no i kveld.  Det lyser vår og sommar av desse skjørta, syns eg:)

Skjørta er lagt ut for sal i eplabutikken min:

Begge skjørta er i ca str. M (ca 38/40)   Mønster: mitt eige skjørtemønster i 6 delar

Pris for skjørt i gult og rosa: 425,- + evt. porto

Pris for skjørt i grønt m/blomar og ugler: 475,- + evt. porto    SOLGT!!!



mandag 19. mars 2012

NOK ein NY VÅRKJOLE TIL MEG:)




Denne kjolen sydde eg i forrige veke. Ville sy meg ein ny kjole i mønsteret til KLINKEKULT, syns dette mønsteret er så fint å bruka  til vår- og sommarkjolar.
Her har eg brukt både nye og gamle stoff:)
Ryggstykket er sydd av gjenbruksstoff frå eit bomullsforkle i kule fargar, kjøpt på Fretex. Bryststykket er sydd av eit tynt bomullsstoff, frå S&S. Ermene er sydd av lilla blondestoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit marineblått syntetisk vintagestoff, med små kvite blomar, kjøpt på Fretex.



Kjolen har fåt eit hjarte applikert på brystet, og eit hjarte applikert på ryggen. På høgre sida på framsida av kjolen, har eg applikert på  ein sirkelforma applikasjon med ei rosa sløyfe, sydd på midt i sirkelen.  Ripsbåndet er kjøpt på Søstrene Grene.
Har sydd på eit lilla pongpongband rundt skjørtekanten.
Så no er nok ein vårkjole klar til bruk:) GLEDAR meg til vår og sommar:)
Str. L

NY GENSAR TIL STORESYSTER:)


Sidan eg har sydd så mykje nytt til minstemann, så måtte eg sy ein gensar til storesyster òg:)



Ho er ikkje så begeistra for heimesydde klede, men denne type gensar likar ho godt. Har sydd to slike til ho før. Så då eg fann fram dette stoffet, så sa ho ja til at eg kunne sy ein ny gensar til ho:) Har laga meg eit mønster, med utgangspkt. i ein kjøpt  halverma "flaggermus"-topp, str 146. Stoffet er mønstra viskosejersey, frå MG-tyger.
Gensaren er sydd i to deler, med ein brei ribbkant nede, ribb rundt hals kant og  ermekanter. Så då blir det nok ny gensar på skulen i morgon:)
Veldig enkel og grei gensar å sy.
Mønster: eige
Str. ca str 146

søndag 18. mars 2012

NYE VÅRBUKSER TIL MINSTEMANN I HUSET:)

Minstemann  på 7 år, har strekt seg i beina, og fleire av buksene hans er no blitt for korte. Han elskar desse buksene med ribb i livet, utan glidelås og knapp. Veldig greie å ta både av og på og romslege og gode å springe rundt å leika i. Ribb nede på buksebeina, gjer at buksene kan vera litt lange utan å bli for  store. Kult når dei blir litt posete.
Klipte til 3 bukser og 2 gensarar i går, som no er ferdigsydd!! Så no kan guten gå våren i møte med nye bukser og gensarar:)

Stoffa i to av buksene er litt tynt bomullsstoff. Det med motorsyklar er vintagestoff ,kjøpt på Fretex for ei tid tilbake. Det svarte og rødrutete, er kjøpt på den lokale "Sy og strikkebui " i Sogndal.  Dongeribuksa er stoff frå ei avlagt forholdsvis ny dongeribukse som min mann ikkje ville ha lenger:) Gjenbruk er gøy!!!!

Her ser du resultata av det eg har sydd i helga:



Buksemønster str 104 år (som er blitt forlenga): frå boka "Barn igjen"





                                               Gensermønster str 116: frå S&S  (endra litt)

TUNIKA MED MUFFINS:)


Hadde overnattingsbesøk av  tantebarnet mitt i helga. Ho er 4 år og ELSKAR rosa:)
Tenkte at ho skulle få seg ein ny tunika, der ho skulle få velja stoff og fargar sjølv. Ho likte muffinsstoffet, så då blei det det som blei hovudstoffet. Eg syns det blei litt "too much" med berre muffinsstoffet, så me roa det heile ned litt med rosa ermer:)

Tunikaen blei sydd etter at prinsessa hadde sovna, og var klar morgonen etter. Jenta blei veldig fornøgd og tunikaen satt som eit skudd. Prøvde meg på ein tights òg, i same rosa stoffet som ermene på tunikaen. Brukte ein kjøpt tights som mønster, og det gjekk jo greit. Så då har eg sydd min fyrste tights:) Muffinsstoffet er frå S&S. Det rosa jerseystoffet er frå MG-tyger.

Som du kan sjå av bileta var det ei fornøgd jente som vakna til ny tunika og tights i favorittfargen ROSA!!!

Mønster: eige

Bestillingskjole i svart og turkis



 Dette er ein bestillingskjole, der ho som skulle ha kjolen ynskte ein kjole utan ermer i turkis og svart stretch chenille.












Eg fekk "frie tøyler" når det gjaldt pynting av kjolen. Eg valgte å bruka svart ribb rundt ermeopningane. Halskanten fekk  ribb frå ein mønstra jerseykjole eg har klipt i før:)

Skjørtekanten har fått ein svart blondekant av svart blondestoff, frå S&S.









Kjolen har fått nokre rundingar  av turkismønstra vintagestoff, applikert på framsida og ein på baksida.
Har sydd på ein svart metallglidelås øverst på ryggstykket. Den har ingen funksjon anna enn som pynt:) Syns det blei ein artig detalj.
Dama som skulle ha denne kjolen blei veldig fornøgd, og då blir  eg glad og fornøgd òg:)
Str. ca S/M
Pris: 675,-

Mønster: eige

søndag 11. mars 2012

BLOMSTER VÅRKJOLE:)



 Ville så gjerne ha ein kjole av dette nyyydelege  fargerike stoffet frå ein vintagekjole, som eg har kjøpt brukt. Har sydd to kjolar tidlegare der eg har brukt stoff frå same kjole, dei er solgt.









No var det akkurat nok stoff igjen til å laga bryststykket til kjolen min:) Ryggstykket er jerseystoff i brunt med grøne og lilla detaljar, frå MG-tyger. Ermene er sydd av rosa ribbstoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit kraftig beige "stumt" stoff med små kvite  blomar vevd inn i stoffet. Dette stoffet har eg fått av nokon som hadde rydda litt på eit lager. No byrjar det å minka på det stoffet òg.  Ermekantar og halskant er er kanta med leopardmønstra viskosejersey frå eit  belte eg hadde liggande.  Kjolen har fått blomar applikert på skjørtedelen. Har brukt same stoff som i bryststykket. 2 blomar på framsida, og 1 på baksida. Blomane på framsida har fått ein grøn vintage knapp i midten.




Blomane har fått grøne kroklisser som stilkar. Skjørtekanten er kanta med ei brei beige blonde.
Sløyfa som heng på bryststykket (opprinneleg eit belte frå den opprinnelege vintagekjolen) er festa med ei sikkerhetsnål, slik at den kan takast av dersom ein ynskjer å bruka eit langt smykke til kjolen, i staden:)

Str. 42/44

Denne kjolen passa meg fint, så denne skal eg har sjølv:) No kan berre våren koma, for no er vårkjolen klar!!

Mønster: eige

"GLAM"-redesignkjole



For eit par år sidan kjøpte eg ein brukt "glamorøs" syntetisk topp på bruktbutikken her eg bur. Toppen i seg sjølv var berre "too much" å bruka slik den var, men til redesign såg eg store potensiale:) Eg sydde kjole til meg og dottera mi  med bl.a stoff frå den toppen. Nærare bestemt eg laga bryststykka til desse kjolane av denne toppen. Kombinerte det med grå stretch chenille, frå S&S.
Har fått mange fine kompliment for desse kjolane.









Forrige gong eg var innom på Fretex på Voss, så  UTRULEG  nok dukka same toppen opp på stativa der!!! Eg måtte jo berre ha den. Og heldigvis var den i ein stor storleik, så då blir det meir stoff å bruka til redesign:)







I helga har eg sydd ein kjole, der eg har brukt stoff frå denne toppen. Bryststykket er altså i eit glitrande materiale. Resten av kjolen er sydd av eit leopardmønstra svart og grått syntetisk stoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit lilla stretch blondestoff, òg frå S&S. Ermekantar og halskant er kanta med svart ribb, frå S&S. 


Tenkte eg skulle ha pynta kjolen med nokre små hjarte på skjørtedelen, men det er førebels ikkje gjort. Får sjå om eg gjer det ein annan dag:)

Syns kjolen blei fin, og den kan brukast både til kvardag og fest, spør du meg:) Tilbehør som strømpebukse, smykke o.l  kan tone festfaktoren opp eller ned:)

Str. M (38/40)
Pris: 775,- + evt. porto

Mønster: mitt eige

Har du lyst på denne kjolen er det berre til å gå inn på nettbutikken min og kjøpe den:)