Har lenge tenkt på å gjera noko med ein blå vintagekjole eg kjøpte på Fretex i haust. Lurte først på om eg berre skulle bruka den slik den var, men fann ut at den blei litt kjedeleg å bruka slik den var. Så eg fann ut at det måtte bli ein redesignkjole. Eg klipte av kjolen omtrent rett under bysten, laga til ein skjørtedel av seks deler og sydde saman. Skjørtedelen er sydd av eit grått stretchdongeri liknande stoff med kvite striper og eit nyyydeleg turkismønstra vintagestoff. Kjolen har fått ein engel applikert på ryggen, i same stoff som er brukt i skjørtedelen. Det er applikert på ein sirkel i grønt på framsida av kjolen for å laga litt "crazy-look" :)

Kjolen har ikkje ermer, så den er fin å bruka med ein langerma gensar inni.
Pris: 490,- + evt porto
Dersom du har lyst på denne kjolen, så ligg den til sals i nettbutikken min:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar