Hadde overnattingsbesøk av tantebarnet mitt i helga. Ho er 4 år og ELSKAR rosa:)
Tenkte at ho skulle få seg ein ny tunika, der ho skulle få velja stoff og fargar sjølv. Ho likte muffinsstoffet, så då blei det det som blei hovudstoffet. Eg syns det blei litt "too much" med berre muffinsstoffet, så me roa det heile ned litt med rosa ermer:) 
Som du kan sjå av bileta var det ei fornøgd jente som vakna til ny tunika og tights i favorittfargen ROSA!!!
Mønster: eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar