Translate

onsdag 7. mars 2012

MORSOM REDESIGNKJOLE




I dag har eg sydd ny kjole igjen:) Skulle eigentleg starta på nokre bestillingskjolar, men blei så inspirert til å sy denne kjolen fyrst. Men eg fekk òg tid til å klippa  den eine bestillingskjolen, så den skal eg sy ein annan dag:)
Denne kjolen er ein redesignkjole, då eg bl.a  har brukt stoff frå ein nyyydeleg mønstra vintagekjole i polyester. Midtstykket og bakstykket er eit leopardmønstra syntetisk stoff, frå S&S. Ermene er sydd av rosa blonde stretchstoff, frå S&S. Kanta med stoff frå vintagekjolen. Halskanten er kanta med rosa ribb, frå S&S.
Då kjolen blei litt kort, så valgte eg å sy på eit beige blondestoff på skjørtkanten. Dersom kjolen skal brukast utan bukse under, så vil eg anbefala underkjole under, då leopardstoffet er litt gjennomsiktig.

Str. ca 40/42
Lengde: 96 cm
Mønster: mitt eige
Pris: 790,- + evt porto

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar