
Ville så gjerne ha ein kjole av dette nyyydelege fargerike stoffet frå ein vintagekjole, som eg har kjøpt brukt. Har sydd to kjolar tidlegare der eg har brukt stoff frå same kjole, dei er solgt.

No var det akkurat nok stoff igjen til å laga bryststykket til kjolen min:) Ryggstykket er jerseystoff i brunt med grøne og lilla detaljar, frå MG-tyger. Ermene er sydd av rosa ribbstoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit kraftig beige "stumt" stoff med små kvite blomar vevd inn i stoffet. Dette stoffet har eg fått av nokon som hadde rydda litt på eit lager. No byrjar det å minka på det stoffet òg. Ermekantar og halskant er er kanta med leopardmønstra viskosejersey frå eit belte eg hadde liggande. Kjolen har fått blomar applikert på skjørtedelen. Har brukt same stoff som i bryststykket. 2 blomar på framsida, og 1 på baksida. Blomane på framsida har fått ein grøn vintage knapp i midten.
Blomane har fått grøne kroklisser som stilkar. Skjørtekanten er kanta med ei brei beige blonde.
Sløyfa som heng på bryststykket (opprinneleg eit belte frå den opprinnelege vintagekjolen) er festa med ei sikkerhetsnål, slik at den kan takast av dersom ein ynskjer å bruka eit langt smykke til kjolen, i staden:)

Str. 42/44
Denne kjolen passa meg fint, så denne skal eg har sjølv:) No kan berre våren koma, for no er vårkjolen klar!!
Mønster: eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar