Translate

lørdag 24. mars 2012

BLÅTT OG GRØNT ER SKJØNT:)

Fekk pakke i posten i går med 3 flotte vintagestoff. Måtte berre laga ein kjole med det eine stoffet i går kveld:)
Etter litt grubling fram og tilbake, landa eg på denne stoffkombinasjonen. Det er det blåe stoffet som var utgongspunktet for kjolen. Brukte eit grønt crimpeline vintagestoff med kvite striper, til bryststykket. Ermene er sydd av plommeraudt blondestoff og eit mønstra jerseystoff, begge frå S&S.
Blått og grønt er nydeleg i lag, syns eg. På 70-talet var denne kombinasjonen, "ikkje lov". Eg kan ikkje skjøna kvifor desse fargane ikkje skulle vera fine i lag?
Dette blåe stoffet med litt innslag av grønt og burgunder er eit syntetisk stoff, som ikkje krøllar, FANTASTISK!!!! Syns det ser ut nesten som eit abstrakt måleri:)Eg sydde på eit burgunderfarga pongpong- band, i saumen under bryststykket.



Fann ut at eg ville ha eit hjarta applikert på brystet på denne kjolen òg. For å gjera det litt ekstra kult, så sydde eg på eit rektangel av eit svart stoff m/rosa prikkar, før eg sydde på hjarta. Sydde ein lysgrøn vintage knapp inni hjarta. Har kanta kjolen  med det same stoffet som er brukt på ermene, langs skjørtekanten og rundt halskanten.
Kjolen passar til meg, så denne vil eg behalda sjølv:) Blir fin å bruka som vårkjole, tenkjer eg:)
Str. 42/44

Mønster: eige

SOLGT!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar