Translate

torsdag 25. september 2014

Litt nytt sidan sist:)

Har hatt det litt travelt i det siste og det har ikkje blitt tid til så mykje blogging. Men eg har ikkje slutta å sy altså:)
Her er litt av det eg har sydd i det siste av kjolar.
Ta kontakt om du finn noko av interesse:)




 Kjole med mange ansikt
Str. L (42/44)
Pris: 899,-

 Kjole i grått med englemotiv
Str 42
Pris: 849,-
SOLGT!!


 Kjole i rosa og grønt m.fl
Str L (42)
Lengde: 103 cm
Pris: 899,-

 Kjole med klokkemotiv
Str S/M (ca 38)
Pris: 899,-

 Kjole med mange sko
Str. L (42/44)
SOLGT!!
 Kjole med ugler (stretch chenille)'
Str. L (42/44)
SOLGT!!
 Kjole i limegrønt m/stjerne
Str S/M (ca 38)
Pris: 899,-

 Kjole i svart med innslag av fargeglede
Str M (ca 38/40)
SOLGT!!

fredag 5. september 2014

"NO MUSIC -NO LIFE" kjole




Kjolen er sydd av ulike stoff. Utg. pkt for kjolen var ei collegejakke str 122, som var blitt for liten til sonen min. Likte ryggstykket på den og fann ut at det kunne "flettast" inn i ein kjole. Og her ser du kjolen ferdig.






Ermene og bryststykket er sydd av mønstra viskosejersey, frå  Rainbow Tekstil. Skjørtedelen er sydd av eit rosa vintage crimpelinstoff.







Kjolen er pynta med kroklisse og ein rockegitar. Denne kjolen skal eg ha sjølv.

Str. L (42/44)
Mønster: mitt eige raglankjolemønster

KJOLE I GRÅTT MED STORE LOMMER





Denne kjolen blei endeleg sydd i går. Har lagt utklipt lenge, men no er den sydd.


Blei ganske fornøgd med kjolen om eg skal seie det sjølv:)
Den er sydd etter eit modifisert S&S mønster. Stoffet er eit grått linliknande stoff, frå JYSK.


Kjolen har fått store runde lommer i sidene. Og to engleapplikasjoner, ein på framsida og ein på baksida.

Ermeopningar og halsopning er kanta med raudt skråband.

                                    






                                    



















Str. Ca 42

Lengde: 100 cm

Pris: 849,- + porto

SOLGT!!