Translate

torsdag 31. mai 2012

KJOLE I LILLA OG BRUNT




Denne kjolen blei klipt til på tysdag og sydd i går, på fridagen min:) Kjolen er sydd av eit lilla jerseystoff med søte små off-white blomar, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit brunt tynt poplinstoff med striper og søte små lilla blomar og grøne blad, frå S&S.
Brun og lilla er veldig fint ilag, syns eg.













Ermekantar og halskant er kanta med lys beige polyester-ribb frå S&S.


Str. XL ( ca 46)
Pris: 775,-

SOLGT!!

GLA'KATT-kjole




Denne kjolen sydde eg i går. Den er sydd av mønstra viskosejersey og brent oransje stretch chenille, frå S&S.
Hadde lyst til å sy ein kjole i str XL, då eg ikkje har så mange kjolar i denne storleiken. Denne kjolen blei ca str 46.
Lengde: 95 cm

















Kjolen har fått ein glad katt applikert på høgre framside. Det gjer at kjolen blir litt meir morsom:) Alltid kjekt med ein liten ekstra detalj.















Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min. Så har du lyst på ny sommarkjole er det berre til å gå inn i nettbutikken min, den er alltid open:)

Str. XL (ca 46)
Pris: 775,- + evt. porto

SOLGT!!

fredag 25. mai 2012

KJOLE I STERKE FARGAR

Denne kjolen er sydd av bl. gjenbruksstoff frå ein veldig fargerik vintagekjole i eit syntetisk stoff. Overdelen på kjolen er sydd av  oransje stretch chenille og limegrønt jerseystoff. På bryststykket er det sydd på ein gul glidelås, til pynt:) Ermekantar og halskant er kanta med rosa ribb, frå S&S.

Kjolen har fått ein knall oransje kant nede på skjørtedelen.
Kjolen er solgt til ei dame som elskar slike knalle glade  fargar:)

Pris: 675,-     
Str. ca 40

SOLGT!!




onsdag 23. mai 2012

BLÅE SKYER-kjole





I dag har eg gjort ferdig denne kjolen. Det blir nok ikkje meir sying i dag (kanskje i kveld:) Det er jo så fint vêr at no lyt eg ut å sola meg:)





Kjolen er sydd av ulike stoff,som vanleg:)
Bryststykket er eit syntetisk vintagestoff med blåe skyer og rosa hjartedråpar og paraplyar.
Ryggstykket er mønstra viskosejersey, frå S&S.
Ermene er sydd av rosa jersey, frå MG-tyger.Og skjørtedelen er sydd av eit litt kraftig bomullsstoff, frå S&S.



















Har pynta kjolen med ei rosa kroklisse som går i bølger rundt skjørtekanten+ at eg har applikert på ei rosa stjerne med ein grøn vintageknapp sydd på i midten:)






Str. L (42/44)

Pris: 795,- + evt porto

SOLGT!!

tirsdag 22. mai 2012

"I LIKE THE FLOWERS", kjole



Her er ein ny kjole som eg har sydd i kveld. Den er sydd av fleire ulike stoff:) Både nye og gamle.
Bryststykket er eit nytt raudt jerseystoff med rosestruktur, frå S&S. Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå ein kul grøn vintagekjole i crimpelinstoff, kjøpt på Fretex.
Ermene er sydd av eit syntetisk vintagestoff, truleg frå 70-talet.
Skjørtedelen er sydd av eit bomull/polyesterstoff, med flotte svarte,raude,kvite og gule blomar og fine grøne stilkar og blad.











Ermekantar og halskant er kanta med raud og svart ribb, frå S&S.

SOLGT!!

Str. M/L (40/42)
Pris: 775,- + evt. porto

Mønster: mitt eige

onsdag 16. mai 2012

"SWEET ANGELS", kjole




Fekk eit nydeleg blått englestoff  i posten i går, som eg hadde bestillt i ein butikk på"Epla". Dette stoffet måtte berre bli kjole av:)
I dag har eg sydd 2 kjolar og her er den andre:)
Er du glad i englar , så er dette kanskje kjolen for deg?
Eg er veldig glad i englar, så eg kunne gjerne behalde kjolen sjølv, men har bestemt meg for at den er til sals...... ei lita stund i alle fall:)







Bryststykket er svart stretch chenille frå S&S. Ryggstykket er mønstra viskosejersey, frå S&S. Ermene er sydd av eit tynt syntetisk stretchstoff i blått og svart, frå S&S.
Skjørtedelen er blått bomullsstoff, med engletrykk:)










Kjolen har fått ein søt engel på brytstykket.

Str. 42/44
Lengde: ca 95 cm

Mønster: mitt eige


Pris: 825,- + porto      SOLGT!!

SØT SOMMARKJOLE MED BLOMAR OG CUP-CAKES:)





I dag har denne kjolen fått sett dagens lys:)
Kjøpte eit flott vintage maxiskjørt, på Fretex for ei stund sidan, og har lenge grubla på kva stoff og fargar som kunne bli fint å miksa skjørtet med.
I dag fann eg fram desse stoffa og sette i gang å klippa. Fann ut at dette rosa stretch chenille stoffet var i same fargetone som blomane i skjørtet.









Alltid kjekt å bruka eit anna litt overraskande stoff, til ryggstykket. I denne kjolen har eg brukt eit lyseblått jerseystoff med cup-cakes, frå S&S.



















Ermene er sydd av eit beige jerseystoff, frå S&S. Og skjørtedelen er altså gjenbruksstoff, frå eit svart syntetisk vintageskjørt med store flotte rosa blomar.
Har sydd på 2 fine kvite knappar med sølvkant, på bryststykket. Halskant og ermekantar er kanta med mørkerosa jerseystoff.

Kjolen har korte ermer og er flott å bruka til vår og sommarkjole:)

Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm  (rekk akkurat til kneet på meg, som er 1.68 m)







Pris: 775,- + porto     SOLGT!!!

tirsdag 15. mai 2012

Stripete bukser er kult:)))


Dette stoffet har eg brukt som skjørtedel til fleire kjolar, og fann ut at det fint kunne brukast til buksestoff òg:) Det er eit gråblått denim "look a like"stoff, frå S&S. Stoffet er stødig og har litt stretch.

Minstemann blei overlukkeleg over å få ny bukse. Han likte denne godt.
Kjekt med bukser med ribb i livet og i buksebeina. 7-åringen min elskar denne buksemodellen. Og då syr eg såååå gjerne bukser:) Her har eg brukt coboltblå ribb frå S&S, i livet.

Buksemønsteret er henta frå boka "Barn igjen" av Lisbeth Bjørndal.

Lommestoffet er eit morsomt barnemønsterstoff. Hugsar ikkje kor det kjem ifrå.


Str. ca 7 år

lørdag 12. mai 2012

KNALLFARGA KJOLE TIL EI FARGEGLAD DAME:)




Dette er ein bestillingskjole til ei dame som er veldig glad i sterke klare fargar. Ho har kjøpt fleire kjolar av meg, og er stadig fornøgd:)












Kjolen er sydd av ulike stoff, både nye og vintage stoff. Bryststykket er sydd av eit gjenbruksmateriale frå ein vintagekjole frå USA. Same stoffet er brukt som ermekantar og som applikasjonar på skjørtedelen.






Ryggstykket er cerisefarga ribbstoff, frå S&S. Ermer er sydd av eit lilla sportsstretch stoff, frå S&S. Og skjørtedelen er eit knall gult syntetisk vintagestoff, kjøpt på Fretex.
Har sydd på ein mørke rosa glidelås på bryststykket, kun som pynt:)
Halskanten er kanta med rosa ribb, frå S&S.

Dama som bestillte kjolen vart veldig fornøgd, og då bli eg òg glad og fornøgd:))

Mønster: mitt eige raglankjole-mønster

Str: ca str 40

Pris 825,-

onsdag 9. mai 2012

KJEMPEGOD SJOKOLADEKAKE

Eg fekk spørsmål om å laga ei sjokoladekake til ein konfirmasjon for ei veke sidan.
Eg starta då med å leita etter ei god oppskrift, på "nettet". Syns ofte at sjokoladekakene eg har laga blir litt fort tørre.
Denne oppskrifta prøvde eg ut og den vart saftig og god. Fekk god tilbakemelding på kaka i etterkant. Den forsvant frå kakebordet, ingen restar:)  Så då falt kaka tydlegvis i smak hos mange:))

Eg brukte ein annan glasur enn den opprinnelege, avdi eg tykte den opprinnelege blei for mektig (prøvelagde nemleg kaka nokre dagar før, slik at eg visste om den blei god). Så her kjem oppskrifta med glasuren eg brukte:

"Cafè Stings sjokoladekake" à la Randi


Ingrediensar:
125 g smør
1 dl vatn
3 ss kakao
1 ts vaniljesukker
4 egg
250 g sukker
150 g kveitemjøl
3 ts bakepulver

Glasur/fyll:
100 g smelta smør
500 g melis
3 ts vaniljesukker
2 ss kakao
6 ss varm sterk kaffi
Bland alt sammen og  ha inni og oppå kaka, når den er litt avkjølt  (del kaka i 2)


Framgongsmåte:

Smelt smøret i ein kjele. Tilset vatn, kakao og vaniljesukker. Ta kjelen av plata og pisk inn 4 eggeplommer med elektrisk miksar. Ha så i sukker, mjøl og bakepulver. Rør deigen glatt og klumpfri. Pisk eggekvitane for seg til kvitt skum. Vend dette i deigen til slutt.

Ha deigen i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka nederst i omnen ved 175 grader C i ca 45 min. Avkjøl kaka i formen. Ta den ut og fjern bakepapiret. Del kaka i to botner.
Ha på glasur. Pynt evt med litt "fargestrøssel", kokosmasse e.l

LUKKE TIL!

Kjole i lilla og grønt

Utgangspunktet for denne kjolen var eit flott lilla syntetisk maxi vintageskjørt,kjøpt brukt på "nettet".
Har brukt dette gjenbruksstoffet i fleire kjolar, men no ville eg sy ein kjole til meg sjølv der eg ville ha bryststykket i dette stoffet.
Sidan det er litt grønt på bladene, så fann eg ut at eg ville ha grøne ermer på kjolen min. Ryggstykket  er eit grått stretch chenillestoff med lilla prikkar, frå MG-tyger.
Skjørtestoffet er eit denim-look stretchstoff, frå S&S.











Eg kanta kjolen rundt halskant og ermekantar, med eit rosa polyester ribbstoff, frå S&S.
Har fått litt "dilla" på å sy ein glidelås på bryststykka på kjolane min, for å få ein litt kul detalj:)
Så på denne kjolen har eg sydd på ein lyserosa glidelås.

Kjolen har fått 3 små blomar som applikasjonar på framsida.












Herleg kjole å ha på.

Str. 42/44

SOLGT!!

Mønster: mitt eige

tirsdag 8. mai 2012

"BLUE DOTS"-kjole



Denne kjolen sydde eg for nokre dagar sidan. Likar så godt stoff med prikkar, så det stoffet eg har brukt til skjørtedelen er berre så kult syns eg. Har sydd ein kjole før med karrygule prikkar, den blei òg fin:)












Overdelen på denne kjolen her er eit fargerikt viskose jerseystoff, frå S&S. Ermene er blått blondestoff, som eg har kjøpt på Fretex.
Når kjolen er så fargerik, så valgte eg å ikkje har nokon applikasjonar på kjolen. Det kan fort bli "too much".
Halskant og ermekantar er kanta med same stoffet som i bryst- og
ryggstykket.


Mønster: mitt eige

Str. 42

Pris: 775,- + porto                 SOLGT!!

søndag 6. mai 2012

BURSDAGSKJOLE

Forrige helg feira me svigermor sin 85 årsdag, og då måtte me sjølvsagt pynta oss:)

Eg sydde meg ein ny kjole i høve dagen og det blei denne kjolen her:












Bryststykket og eine armen, er mønstra viskose jersey, frå mg-tyger. Ryggstykket og andre armen er sydd av gjenbruks materiale frå ein glitrande topp, kjøpt på Fretex. (Same stoffet som i ermene på kjolen i forrige blogginnlegg:)
Skjørtedelen er sydd av eit stripete "taft"liknandestoff, kjøpt på Fretex. 

Tadaaaa! så blei det jammen ein ny kjole!!

Str: 42/44
Mønster: mitt eige

Endeleg passa kjolen:)

For nokre veker sidan blogga eg om ein bestillingskjole som blei litt for liten:)
Har no sydd ein ny til dama som skulle ha kjolen, og no passa kjolen heilt perfekt. Har jo som de veit eit prinsipp at eg ikkje syr 2 like kjolar, så det måtte bli ein ny vri:)





Her ser du den nye kjolen:
Ca str 36
Mønster: mitt eige
Pris: 790,-

Dama som hadde bestillt kjolen blei veldig fornøgd, og då blir eg òg veldig glad og fornøgd:)

torsdag 3. mai 2012

Ein sommarkjole ...igjen:)




Har sydd endå ein sommarkjole, der eg har brukt crimpelinstoff frå 70-talet. Ryggstykket og bryststykket er eit raudt  vintagestoff med oransje og blåe blomar. Ermene er sydd av oransje stretch chenille. Skjørtedelen er sydd av eit off-white bomullstoff med oransjeraudt mønster, frå S&S.










Halskant og ermekantar er kanta med raud ribb, frå S&S.
Kjolen har så mykje pynt i seg sjølv med dei mønstra stoffa, så eg har valgt å ikkje ha nokre applikasjonar på denne kjolen.
Har sydd på eit raudt pongpongband rundt skjørtekanten, frå S&S.











Str. M/L  (40/42)  Kjolen er litt smal i livet.
Lengde: 97 cm
Pris: 775,- + evt porto

Kjolen ligg til sals i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no