Dette er ein bestillingskjole til ei dame som er veldig glad i sterke klare fargar. Ho har kjøpt fleire kjolar av meg, og er stadig fornøgd:)
Kjolen er sydd av ulike stoff, både nye og vintage stoff. Bryststykket er sydd av eit gjenbruksmateriale frå ein vintagekjole frå USA. Same stoffet er brukt som ermekantar og som applikasjonar på skjørtedelen.
Ryggstykket er cerisefarga ribbstoff, frå S&S. Ermer er sydd av eit lilla sportsstretch stoff, frå S&S. Og skjørtedelen er eit knall gult syntetisk vintagestoff, kjøpt på Fretex.
Har sydd på ein mørke rosa glidelås på bryststykket, kun som pynt:)
Halskanten er kanta med rosa ribb, frå S&S.
Dama som bestillte kjolen vart veldig fornøgd, og då bli eg òg glad og fornøgd:))
Mønster: mitt eige raglankjole-mønster
Str: ca str 40
Pris 825,-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar