Har brukt dette gjenbruksstoffet i fleire kjolar, men no ville eg sy ein kjole til meg sjølv der eg ville ha bryststykket i dette stoffet.
Sidan det er litt grønt på bladene, så fann eg ut at eg ville ha grøne ermer på kjolen min. Ryggstykket er eit grått stretch chenillestoff med lilla prikkar, frå MG-tyger.
Skjørtestoffet er eit denim-look stretchstoff, frå S&S.
Eg kanta kjolen rundt halskant og ermekantar, med eit rosa polyester ribbstoff, frå S&S.
Har fått litt "dilla" på å sy ein glidelås på bryststykka på kjolane min, for å få ein litt kul detalj:)
Så på denne kjolen har eg sydd på ein lyserosa glidelås.
Kjolen har fått 3 små blomar som applikasjonar på framsida.
Herleg kjole å ha på.
Str. 42/44
SOLGT!!
Mønster: mitt eige
Herlig med prikker!!
SvarSlett