Translate

tirsdag 15. mai 2012

Stripete bukser er kult:)))


Dette stoffet har eg brukt som skjørtedel til fleire kjolar, og fann ut at det fint kunne brukast til buksestoff òg:) Det er eit gråblått denim "look a like"stoff, frå S&S. Stoffet er stødig og har litt stretch.

Minstemann blei overlukkeleg over å få ny bukse. Han likte denne godt.
Kjekt med bukser med ribb i livet og i buksebeina. 7-åringen min elskar denne buksemodellen. Og då syr eg såååå gjerne bukser:) Her har eg brukt coboltblå ribb frå S&S, i livet.

Buksemønsteret er henta frå boka "Barn igjen" av Lisbeth Bjørndal.

Lommestoffet er eit morsomt barnemønsterstoff. Hugsar ikkje kor det kjem ifrå.


Str. ca 7 år

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar