Her er ein ny kjole som eg har sydd i kveld. Den er sydd av fleire ulike stoff:) Både nye og gamle.
Bryststykket er eit nytt raudt jerseystoff med rosestruktur, frå S&S. Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå ein kul grøn vintagekjole i crimpelinstoff, kjøpt på Fretex.
Ermene er sydd av eit syntetisk vintagestoff, truleg frå 70-talet.
Skjørtedelen er sydd av eit bomull/polyesterstoff, med flotte svarte,raude,kvite og gule blomar og fine grøne stilkar og blad.
Ermekantar og halskant er kanta med raud og svart ribb, frå S&S.
SOLGT!!
Str. M/L (40/42)
Pris: 775,- + evt. porto
Mønster: mitt eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar