Translate

onsdag 9. mai 2012

KJEMPEGOD SJOKOLADEKAKE

Eg fekk spørsmål om å laga ei sjokoladekake til ein konfirmasjon for ei veke sidan.
Eg starta då med å leita etter ei god oppskrift, på "nettet". Syns ofte at sjokoladekakene eg har laga blir litt fort tørre.
Denne oppskrifta prøvde eg ut og den vart saftig og god. Fekk god tilbakemelding på kaka i etterkant. Den forsvant frå kakebordet, ingen restar:)  Så då falt kaka tydlegvis i smak hos mange:))

Eg brukte ein annan glasur enn den opprinnelege, avdi eg tykte den opprinnelege blei for mektig (prøvelagde nemleg kaka nokre dagar før, slik at eg visste om den blei god). Så her kjem oppskrifta med glasuren eg brukte:

"Cafè Stings sjokoladekake" à la Randi


Ingrediensar:
125 g smør
1 dl vatn
3 ss kakao
1 ts vaniljesukker
4 egg
250 g sukker
150 g kveitemjøl
3 ts bakepulver

Glasur/fyll:
100 g smelta smør
500 g melis
3 ts vaniljesukker
2 ss kakao
6 ss varm sterk kaffi
Bland alt sammen og  ha inni og oppå kaka, når den er litt avkjølt  (del kaka i 2)


Framgongsmåte:

Smelt smøret i ein kjele. Tilset vatn, kakao og vaniljesukker. Ta kjelen av plata og pisk inn 4 eggeplommer med elektrisk miksar. Ha så i sukker, mjøl og bakepulver. Rør deigen glatt og klumpfri. Pisk eggekvitane for seg til kvitt skum. Vend dette i deigen til slutt.

Ha deigen i ei rund form (24 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka nederst i omnen ved 175 grader C i ca 45 min. Avkjøl kaka i formen. Ta den ut og fjern bakepapiret. Del kaka i to botner.
Ha på glasur. Pynt evt med litt "fargestrøssel", kokosmasse e.l

LUKKE TIL!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar