Translate

onsdag 16. mai 2012

SØT SOMMARKJOLE MED BLOMAR OG CUP-CAKES:)





I dag har denne kjolen fått sett dagens lys:)
Kjøpte eit flott vintage maxiskjørt, på Fretex for ei stund sidan, og har lenge grubla på kva stoff og fargar som kunne bli fint å miksa skjørtet med.
I dag fann eg fram desse stoffa og sette i gang å klippa. Fann ut at dette rosa stretch chenille stoffet var i same fargetone som blomane i skjørtet.









Alltid kjekt å bruka eit anna litt overraskande stoff, til ryggstykket. I denne kjolen har eg brukt eit lyseblått jerseystoff med cup-cakes, frå S&S.



















Ermene er sydd av eit beige jerseystoff, frå S&S. Og skjørtedelen er altså gjenbruksstoff, frå eit svart syntetisk vintageskjørt med store flotte rosa blomar.
Har sydd på 2 fine kvite knappar med sølvkant, på bryststykket. Halskant og ermekantar er kanta med mørkerosa jerseystoff.

Kjolen har korte ermer og er flott å bruka til vår og sommarkjole:)

Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm  (rekk akkurat til kneet på meg, som er 1.68 m)







Pris: 775,- + porto     SOLGT!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar