Fekk eit nydeleg blått englestoff i posten i går, som eg hadde bestillt i ein butikk på"Epla". Dette stoffet måtte berre bli kjole av:)
I dag har eg sydd 2 kjolar og her er den andre:)
Er du glad i englar , så er dette kanskje kjolen for deg?
Eg er veldig glad i englar, så eg kunne gjerne behalde kjolen sjølv, men har bestemt meg for at den er til sals...... ei lita stund i alle fall:)
Bryststykket er svart stretch chenille frå S&S. Ryggstykket er mønstra viskosejersey, frå S&S. Ermene er sydd av eit tynt syntetisk stretchstoff i blått og svart, frå S&S.
Skjørtedelen er blått bomullsstoff, med engletrykk:)
Kjolen har fått ein søt engel på brytstykket.
Str. 42/44
Lengde: ca 95 cm
Mønster: mitt eige
Pris: 825,- + porto SOLGT!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar