
Syns denne kjolen blei så "festaktig" at eg kalla den for festkjole. Det er nok pga det fine mønstra satengstoffet eg har brukt i skjørtedelen. Denne kjolen er sydd i eit nytt mønster. Eg brukte raglankjolemønsteret mitt til overdelen på kjolen, så sydde eg på eit svart ribbstoff i midjen, for å få fin innsving i livet. Brukte det todelte skjørtemønsteret mitt til underdel på kjolen, syns det funka bra.

Kjolen er altså sydd av ulike materiale. Svart stretch chenille frå S&S på rygg og bryststykket, ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein heklaliknande topp, kjøpt på Fretex. Skjørtedelen er eit beige/gullaktig satengstoff, kjøpt på Fretex. Kjolen har fått eit stort hjarte applikert på bryststykket, og eit mindre hjarte på ryggen. Sydde på ein vintageknapp i "gull" og brunt midt i hjarta på bryststykket.
Kjolen blei i str L (42/44) Så den passar fint til meg:)
Men eg har lagt den ut for salg i nettbutikken min, så får me sjå kor lenge den ligg der:)
Pris: 750,- + evt. porto
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar