
Denne kjolen sydde eg for nokre dagar sidan og den er sydd av mørk stretch dongeri, frå S&S. Sidestykka på framsida og ermene, er gjenbruksstoff frå ein dongerikjole kjøpt på sal:) Bærestykket på framsida av kjolen er sydd av gjenbruksmateriale frå ein flott vintage crimpelinkjole, frå 70-talet.
Kjolen har pynta seg med blomar frå vintage kjolen + at eg har applikert på ein lyseblå engel på ryggen .
Kjolen er sydd etter eit velbrukt kjolemønster frå S&S. Har som vanleg endra litt i halsopninga. og sydd litt meir innsving i ryggen.
Str ca 42/44
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar