Sidan dette ikkje er mitt eige mønster, så vil eg ikkje sy kjolar i dette mønsteret for å leggja ut for sal (det er vel ikkje lov heller?? STOFF OG STIL har sjølvsagt copyright på sine mønster) Men det var eit greit mønster å sy etter. Denne sydde eg på onsdag. Kjolen er i 6 deler + ermer og bærestykke.
Eg gjorde litt om på mønsteret i halskant og ermekantar. Der sydde eg på ribb i staden for å laga beleggkant i halsen. Laga halsutringinga litt vidare òg, men kunne ha laga den endå vidare. Det vil eg gjera på neste kjole eg lagar i dette mønsteret.
Kjolen er litt redesign, då eg bl.a har brukt stoff frå ei lyseblå chambreyskjorte/kjole, kjøpt på Cubus. Uglestoffet er kjøpt på JYSK, blondestoffet som er brukt til ermer, har eg kjøpt på S&S. Kanta med lilla ribb, frå S&S.Bærestykket er grå stretch chenille med lilla prikkar, frå Stof2000 (trur eg) Og skjørtekanten er kanta med lilla bomullsstoff med kvite prikkar, frå S&S. Str. passa perfekt til meg, og denne modellen er fin å bruka med ein tights under. Det blir nok fleire slike kjolar på meg:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar