Fekk ein bestilling for eit par veker sidan på ein kjole, der ho som skulle ha kjolen kom med ganske detaljerte opplysningar om korleis ho ville ha kjolen. Her ser du korleis kjolen blei.
Heile kjolen er sydd av stretch chenille, frå S&S. Kjolen er kanta med lys rosa ribb rundt halskant og ermekantar.
Nederst på skjørtekanten har eg sydd på ein "tittekant" av lysrosa tyll, òg frå S&S.
Str. ca 38
Mønster:mitt eige
Pris: 850,- + porto
Dama som bestillte kjolen blei nøgd og då er eg òg glad og fornøgd:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar