Her er nok ein kjole til meg sjølv i mønsteret frå S&S. Her har eg brukt noko nytt stoff og nokre bitar er frå avlagte dongeribukser. Halskant og ermekantar er kanta med coboltblå ribb, frå S&S.
Sydde kjolen litt meir inn i ryggen enn det opprinnelege mønsteret, då eg har ganske stor svai i ryggen. Syns den sat finare på då:)
Har pynta kjolen på framsida med litt englar frå englestoffet,som er brukt på ryggen. Har sydd på eit "gullhjarte" på brystet.
Kjolen er god og behageleg å ha på, og eg likar godt å ha ein tights under denne kjolemodellen.
Str. 44
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar