Translate

søndag 1. juli 2012

REDESIGN KJOLE TIL EIN FESTLEG ANLEDNING





Då har eg nok ein gong vore innom Fretexbutikken på Voss. Finn som regel alltid noko spanande der:)


Denne gongen fann eg bl.a eit  petrolblått nydeleg vintage crimpelinstoff. Det har eg no brukt  i denne finkjolen til meg sjølv. Fann òg nokre fine syntetiske toppar, som eg kjøpte med tanke på redesign. To av toppane er brukt i denne kjolen. Bryststykket er gjenbruksstoff, frå ein flott syntetisk glitrande retrojakke, og ryggstykket er òg sydd av gjenbruksstoff frå  ein syntetisk topp.











Ermene er sydd av eit svart stretchstoff med sølvprikkar og eit lysrosa stretch blondestoff, begge frå S&S.
Har laga stor halsopning, og sydd på ein stor halskant, som skal henga laust. Får litt følelsen av at ein har ein slik "tubehals/skjerf"  på seg. Denne halskanten er sydd av svart sportstretchstoff, frå S&S.





Skjørtedelen er det blågrøne crimpelinstoffet eg nemnde lenger oppe. Har laga ein rund applikasjon nede på venstre framside i stoffa frå bryst og ryggstykket.
Dette blir kanskje julebordkjolen min i år???
Kjem i allefall til å ha denne kjolen til litt finare anledningar:)

Str. 42/44

4 kommentarer:

  1. Dette var virkelig en fantastisk nydelig kjole! flotte farger!! Gleder meg til og se hva slags flotte kjoler du vil lage fremover!

    SvarSlett
  2. vis du noengang går lei denne kjolen så selg den til meg:) for denne falt jeg pladask for!

    SvarSlett