Eg fekk frie tøylar i forhold til korleis kjolen skulle sjå ut. Og det er slike bestillingar eg likar best:)
Eg sendte bileta av ulike stoffkombinasjonar og kunden valgte desse stoffa.
Ryggstykket og eine ermet er sydd av mønstra viskosejersey, frå S&S. Resten av kjolen er sydd av raud stretch chenille, frå S&S. Kjolen har fått eit par små blomeapplikasjonar. Ein på brystet, og ein på skjørtedelen. Eg har brukt same stoffet som på ryggstykket.
For å få kjolen litt "crazy" i fargevalet, så brukte eg lilla ribb, frå S&S, til ermekantane. Raud ribb rundt halskant. For å få ein fin avslutning på skjørtekanten, har eg sydd på ein lilla blondekant. Syns det blei fint:)
Kjolen er i str ca 36
Lengde:95 cm
Pris: 825,- + porto
Dama som bestillte kjolen blei fornøgd,og då er eg glad og fornøgd òg:))
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar