Translate

onsdag 11. juli 2012

CUP-CAKE KJOLE

Måtte berre sy ein cup-cake kjole til av dette fine stoffet.
Denne har eg sydd ferdig i dag, medan ungane såg på barnetv:)
Bryststykket og ryggstykket er sydd av  korallraud stretch chenille med cup-cake trykk, frå S&S.
Ermene er sydd av raud stretch chenille, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit stripete syntetisk stretch stoff, frå S&S. Halskant er kanta med raud ribb frå S&S. Ermekantar er kanta med lyserosa ribb, frå S&S.


Måtte ha litt pynt på skjørtedelen tykte eg, så der har eg sydd på to runde cup-cake applikasjonar på framsida.













Kjolen har halvlange ermer og kan brukast heile året, evt med ein langerma topp inni på kalde dagar:)


















Dersom du har lyst på denne kjolen, så er den lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Str. S ( ca 36/38)

Lengde: 87 cm

Mønster: mitt eige




Pris: 825,- + evt porto

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar