I kveld har eg sydd ein kjole med eit par av stoffa frå handleturen på S&S.
Det raude stoffet er eit tynt syntetisk stretchstoff med store kvite blomar litt spreidt rundt omkring. Sidan stoffet er så gjennomsiktig, valgte eg å ha eit fòrstoff inni. Det vart eit lilla syntetisk stretchstoff, som eg lot gå litt forbi det raude stoffet, for å laga kjolen litt meir spanande og sprelsk i fargane:)
Ermene har fått eit beige stretchstoff med riller som ermeavslutning (smale, inntilsitjande ermer)
Mønsteret er eit kjolemønster frå S&S, men halskant og ermer er min eigen vri:)
Denne kjolen blir fin til hausten og vinteren.
Str. ca 42
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar