Eg fekk bestemma både fargar og utforming (slike bestillingar kan eg lika) Eg valgte å bruka raglankjolemønsteret mitt. Ryggstykket og bryststykket er sydd av eit mønstra fargerikt stretchstoff, frå S&S. Ermene er sydd av burgunderraudt sportstretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit litt kraftig beige stoff med blad i limegrønt, brunt og svart. Stoffet er kjøpt på JYSK.
Halskanten er kanta med eit blått glitrande gjenbruksstoff, frå ein topp, kjøpt på Fretex.
Ermekantane er kanta med limegrøn ribb, frå S&S.
Kunden blei fornøgd og då er eg fornøgd òg:)
Str. XL (44/46)
Pris: 825,-
Mønster: mitt eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar