Translate

torsdag 10. januar 2013

"TEDDY GO SKIING"-kjole

Dette blei ein litt søt og morsom kjole syns eg sjølv:)
Har lenge hatt liggjande ei raud t-skjorte med denne søte teddybamsen som prøver å stå på ski. Har hatt lyst å sy den om og bruka den i ein kjole ,og no har eg gjort det:)
Eg brukte mønsteret mitt med 3-delt front, og laga midtstykket i 2 deler for å få det langt nok. Resten av kjolen er sydd i raud stretch chenille, frå S&S.










For å få litt meir vinterfølelse, så har ryggstykket blitt i jadegrøn stretch chenille med kvite stjerner, frå S&S.  Halskant og ermekantar er turkis ribb, òg frå S&S.













Skjørtekanten er kanta med stoff frå ein vintage-kjole i vinterlege fargar. Så med andre ord er dette ein kjole med tema  V I N T E R.














Kjolen er i str L (ca 42/44)
Lengde: ca 95 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto






Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:




http://randidesign.epla.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar