Translate

torsdag 31. januar 2013

GRØN grøn kjole med alvehette




Denne kjolen blei klipt seint i går kveld, og i kveld blei den ferdig. Kjolen er sydd av ulike stoff og kjolemønsteret er opprinneleg eit S&S mønster, men med litt modifisering. Bl.a har kjolen fått ei lang alvehette etter eige mønster.
Midtstykket er eit brunt vintagestoff med store runde grøne blomar. Resten av kjolen er sydd av eit mørkeblått stretch dongeristoff, frå S&S (anbefalar å vaska dette stoffet før du syr noko av det, fargar nemleg veldig av før det blir vaska)









Ermene er sydd av eit vintage dynetrekk i grønt blomemønster.
Alvehetta er sydd av eit beige stretchstoff, frå S&S, og fòra med same stoffet som er brukt på ermene.
Hettekant, ermekantar og skjørtekant er kanta med lilla ribb, frå S&S.

Kjolen kan fint brukast heile året, med ein langerma topp og ei tjukk strømpebukse under når det er på det kaldaste:)




Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm

Pris: 849,- +  porto

SOLGT!!















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar