Translate

søndag 20. januar 2013

STJERNEKJOLE I GRØNT



Denne kjolen sydde eg på forrige fridagen min, og har ikkje teke meg tid til om blogga om den før i dag:)

Kjolen er sydd av ulike grøne stretch stoff, frå S&S. Hovudstoffet i kjolen er flaskegrøn stretch cordfløyelsstoff, frå S&S. Ryggstykket er jadegrøn stretch chenille med kvite stjerner. Ermene er sydd av eit grøn viskose jersey med svarte kuler.









Det same stoffet er brukt som skjørtekant og halskant. Ermekantane er kanta med svart ribb.




















Kjolen har fått 2 flotte stjerner som pynt, av eit herleg grønt småblomstrete vintage stoff.






Str. ca 42/44

Mønster: mitt eige




Kjolen er  teken i bruk og eg blei godt fornøgd med den!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar