Translate

mandag 25. juli 2011

Ny kåpe til hausten


Kjøpte cerise-farga ullfilt i vinter, men har ikkje sydd noko av det enno.  I sommar har eg, som eg har blogg om før, vore på Fretex, og der fann eg bl.a ei flott vintage gardinlengd i blågrøne fargar, som truleg har litt ull i seg. Denne gardina blei no tatt fram og brukt i kombinasjon med cerise ullfilt. Eg fann fram eit kåpemønster eg har sydd ei kåpe av før, mønsteret er frå S&S. Eg laga to  fleire knapphol enn på det orginale mønsteret, og eg laga 2 lommer. Syns kåpa blei morsom med store fargerike knappar i ulike fargar og mønster. Blei òg fornøgd med fargekombinsjonane på kåpa. Dette trur eg blir ei fin kåpe å gå seinsommaren og hausten i møte med.

Eg kjenner at det er godt å ha noko anna å tenkja på/gjera på (les: syprosjekt) innimellom, etter dei grufulle hendingane i Oslo og på Utøya på fredag. Eg føler med og sender mine varme tankar til  alle skadde og pårørande til dei som er gått bort. Det er heilt uforståeleg og uverkeleg det som har skjedd. Det er viktig at me tek vare på kvarandre og syner omsorg for kvarandre framover. Dette har rysta og berørt heile landet.  Men me skal stå saman og livet skal gå vidare, trass alt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar