Translate

lørdag 2. juli 2011

"The BLACK SHEEP on dog-teeth with stripes"



Dette er ein morosam redesignkjole eg har tenkt på å laga, ei stund. Eg kjøpte  den stripete vintageblusen som er overdelen på denne kjolen på Fretex, i vinter. Men har leita litt for å finna noko å kombinera den med, i dag fann eg kombinasjonane eg ville bruka. Eg klipte vekk ermene på den opprinnelege blusen, og klipte til nye blondeermer av blondestoff frå S&S. Midtdelen, i svarte og kvite striper, er frå Jofotex. Klipte så til  skjørtedelen i det herleg vintagestoffet med hundetannmønster, òg kjøpt på Fretex (krøllefritt)  Ville gjerne hatt ein hund som applikasjon på skjørtedelen, men sidan eg ikkje er nokon teiknar, og ikkje hadde ein eigna hund for handa, så blei det ein "sauehund" som applikasjon i staden.  Den passa fint inn med fargane på resten av kjolen òg, tykte eg:) Eg bytta ut dei raude knappane på blusen, med svarte i staden, for å få litt kontrast.
Str. blei ca 40/42 (M/L)  Litt trang rundt bysten til å bli ein rein L-str., så dersom du måler ca 100-103 cm rundt bysten så vil den sitja fint. Alle stoffa i kjolen er elastiske:)

Pris: 590,- + evt porto      SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar