Translate

onsdag 7. september 2011

Haustkjole med hette




Har lenge hatt lyst til å sy meg ein ny dongerikjole med hette. Og i helga gjorde eg ferdig denne kjolen. Har brukt eit vintage dongeristoff, kjøpt på Fretex. Stoffet føles nesten som at det er ullaktig på baksida, så dette blir ein kjole til litt kjølege dagar. Mønsteret er delvis laga sjølv, har mixa litt herifrå og derifrå:)

Eg har brukt litt ulike stoff i denne kjolen. Hetta er sydd av gråmelert isoli, frå S&S. ermene er sydd av marineblått blondestoff, kjøpt på Fretex. Og nedre ermene, skjørtekanten og fòret i hetta, er viskosejersey frå MG-Tyger.
Kjolen har fått 2 stjerner applikert på seg, ei framme og ei bak:)

Str. 42/44 (ca)
Denne kjolen håpar eg at eg får mykje glede av:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar