Translate

fredag 16. september 2011

LILLA OG GUL ER EIN FANTASTISK KOMBINASJON!!



Lilla og gult er utruleg fine fargar i lag. Kjøpte eit gult syntetisk vintagestoff på Fretex i sommar, som eg allereie har brukt i ein kjole (men har meir igjen).
Tok fram eit prikkete stretch chenille stoff i lilla med  grå prikkar som eg ville bruka i overdelen på kjolen. Ermene blei klipt av eit nytt skjørt, kjøpt på salg for 50,-. Skjørtet var for lite til meg så eg kjøpte det med tanke på redesign:)
Eg laga ermene 3/4 lange, slik at kjolen fint kan brukast heile året:) Kjolen har fått litt applikasjonar på skjørtedelen for å "sprita" opp det einsfarga gule stoffet, og for å ta opp igjen det lilla frå overdelen:) Har òg sydd på ei svart kroklisse i bølger rundt den bogeklipte skjørtekanten.
Blei godt nøgd med resultatet .
Str. L (42/44)
Pris: 590,- (eg har redusert prisen litt, då eg har brukt kjolen eit par gonger)

SOLGT!!
Mønster: eige

2 kommentarer:

  1. Ha! Visste at det var ein kjole som skulle gjerast ferdig i kveld ;o)

    SvarSlett
  2. Ja det stemmer at eg sydde ferdig ein kjole i går, men det var den i forrige innlegg:)

    SvarSlett