Translate

onsdag 21. september 2011

"GRØNE HUNDAR", kjole


I dag har eg hatt vekas fridag, og det betyr sydag:) Men fekk ikkje sydd så mykje i dag, då eg hadde litt anna på tapetet i dag òg, men eg fekk no sydd eit skjørt (kjem bilete seinare)+ at eg starta på to kjolar. Sydde kjolane ferdige no i kveld og her er den eine:)
Var på loftet og leita fram litt ulike stoff og fann bl.a ein grøn gensar etter dottera mi,  som ho har vokst ifrå:) Den fann eg ut at eg fint kunne bruka som ryggstykke på ein kjole med raglanermer. Fann fram litt andre stoff òg og etter litt fram og tilbake så enda eg opp med denne kombinasjonen. Vart veldig fornøgd med fargesamansetjinga på kjolen.

Str. M(40) Stretch i alle stoffa!
Pris: 725,- + evt porto

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar