Translate
fredag 23. september 2011
Loppefunn!!!
I kveld har eg vore med som seljar på den årlege loppemarknaden på Lyngmo. Det er alltid spanande å sjå om ein finn noko av interesse. Og eg er jo spesielt på jakt etter tekstiler:) Og i år som i fjor fann eg litt forskjellig:) I pausen gjekk eg målbevisst mot rommet med stoff og her ser du resultatet av det eg fann. Bl.a 2 nyyydelege gule dynetrekk, + nokre fine vintagestoff. Så no skal det bli fine kjolar framover:)) Dei gule dynetrekka trur eg at eg gøymer til våren, det er meir sommarstoff til sommarkjolar:)
GOD HELG!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar