Translate

søndag 11. september 2011

KJOLE I GRØNE NYANSAR


Her har eg sydd endå ein singoallakjole, og denne gongen i ulike grønfargar.
Bryststykket er limegrøn stretch chenille frå S&S. Ryggstykket er stoff frå ei nydeleg gardinlengd, kjøpt på Fretex. Ermene er svart blondestoff frå S&S. Og skjørtedelen er eit rutete syntetisk vintagestoff, kjøpt på Fretex.
Då eg ikkje hadde så mykje igjen av stoffet eg har brukt som skjørtedel, så blei denne kjolen litt kortare enn eg pleier å sy kjolane min (likar at dei går til midt på kneet). Difor kan denne kjolen òg brukast som tunika, med t.d ei smal dongeribukse  under.
Lengde på kjolen: ca 90 cm
Str. L (42/44)
Pris: 690,- + evt. porto

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar