Då var påskeferien over for i år. Me har vore på 2 hytteturar i påsken, så det har ikkje blitt noko sying i påsken. Men i dag tok mannen med seg ungane på bading, og då fekk eg høve til å sy litt igjen:)
Først sydde eg ei pyjamasbukse til dottera mi. Ho likar så godt å sova i flanell pyjamasbukser og ei t-skjorte som overdel. Det kjem bilder av pyjamas buksa i eit anna innlegg:)
Eg klipte til denne glitrande kjolen i går og sydde den i dag. Det er ein redesignkjole, der eg har brukt gjenbruksmateriale frå ulike plagg.

Sydde på ein svart glidelås på bryststykket, kun funksjon som pynt:)
Kjolen har òg fått ein rund applikasjon på venstre framside.
Kjolen er halverma, og fin å bruka til ein festleg anledning både med og utan ein langerma t.d svart topp inni.
Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm
Mønster: mitt eige raglankjolemønster
Pris: 775,- + evt. porto
SOLGT!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar