Den er sydd med utg.pkt i eit fotsidt syntetisk skjørt, frå 70 talet.
Kjolen er litt "frekk" i både fargesamansetning og mønster. Så dette er ein kjole for den litt vågale, som vil skilja seg litt ut:)
Bryststykket er gjenbruksmateriale frå ein ny jerseytopp. Ryggstykket er sydd av oransje ribbstoff, frå S&S. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein stripete jerseytopp, kjøpt på Fretex. Skjørtedelen er altså sydd av gjenbruksmateriale frå det flotte 70 -tals skjørtet.
Str. S+ (ca str 38)
Lengde: ca 93 cm
Pris: 775,- + porto
Mønster: mitt eige
Kjolen er lagt ut for sal i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar