Translate

lørdag 18. juni 2011

Jordbær-redesignkjole

Sidan eg er lærar , så er eg så heldig at eg startar sommarferien min på måndag. Og då håpar ein sjølvsagt på flotte sommardagar med sol og varme:) I kveld har det dessverre regna kjempemasse her me bur, og eg berre måtte ta fram symaskinene og sy ein sommarkjole med jordbær-motiv:) Jordbærsesongen er jo snart i gang:)
Tok fram eit kult stretch dongeristoff med påmalte målingsstrekar i ulike fargar, frå http://www.jofotex.se/, ei grøn t-skjorte og ein stripete singlet  med jordbærtrykk (kjøpt på Fretex, omtrent heilt ny) Så var det til å klippa dei ulike delane på kjolen. Ville bruka eit stykke av singletten, som midtdel/belte på kjolen. Klipte av ermene på t-skjorta og laga nye ermer av singletten. Sydde så i dei nye ermene, og sydde deretter sidesaumar og sydde på beltedelen til t-skjorta. Sydde så skjørtedelen og festa saman skjørt og topp. Applikerte på ein trekant på overdelen, likna nesten eit jordbær, og sydde på ein raud knapp i midten. Kjolen har ein trekant applikert bak på skjørtedelen òg.  Nok ein herleg redesignkjole:)
Str 42/44 Denne kjolen gler eg meg til å bruka i sommar:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar