Translate

lørdag 4. juni 2011

"Gulpeskjerf"

Fann mønster til gulpeskjerf i boka "Made by Me", og sidan eg blei tante til ein liten gut i november, så fann eg ut at dette kunne vera noko å sy til han. Mora ville gjerne ha nokre  slike skjerf, så i går sydde eg opp 3 stk gulpeskjerf. Brukte ulike interlock-stoff og jerseystoff, som eg hadde liggjande. Det er ikkje mykje stoff som skal til for å sy nokre slike skjerf. Til baksidestoff brukte eg eit frottèstoff, med god oppsugingsevne:) Slo i  trykk-knappar til å festa skjerfa rundt halsen. Så no kan nevøen min berre "sikla" i veg:))
Mønsteret er henta frå bloggaren
http://www.hobbykrok.blogspot.com/

1 kommentar:

  1. Det er fleire "tanteungar" som siklar ;o)me vil gjerne kjøpa nåken viss du har lyst å laga fleire!Helsing Daniel og mammaen ;o)

    SvarSlett