STJERNER ER TOPPEN!!
Her har eg sydd ein kjole i lilla og lime. Eg syns det er ein knallfin kombinasjon av fargar!!!
Kjolen er sydd i mitt eige "RandiSign"-mønster:) Stoffet eg har brukt denne gongen er stretch chenille frå S&S (limefarga) Stjernestoffet, som òg er i stretch chenille, trur eg kjem frå MG-Tyger eller Stof2000. Halskanten og ermekantane er microsateng, frå ein vintagetopp kjøpt på Fretex. Gjenbruk er tingen!! Framstykket er sydd i 3 delar. Bakstykket er sydd i 2 delar (med stjernestoffet)
Mønsteret er forma slik at kjolen skal vera figurnær, så den som vil ha denne kjolen, må vera str ca 46/48, for at kjolen skal sitja fint på;)
Str.XXL (46/48)
Pris: 790,- + evt porto
SOLGT!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar