Translate

onsdag 15. mai 2013

REDESIGN KJOLE TIL SOMMAREN!





Denne kjolen har eg sydd til meg sjølv. Hadde liggjande overdelen av ein avklipt tunika, som eg gjerne ville bruka i ein kjole. Syns kombinasjonen lilla og raud er NYYYDELEG! Difor valgte eg å bruka eit raudt bistrech stoff, frå S&S, som skjørtedel. Eg ville markera overgangen mellom dei to stoffa med eit "belteparti", så eg fann fram limegrøn ribb, frå S&S.











Den opprinnelege tunikaen hadde V-hals, som var litt vel utringa, så eg valgte å sy v-opninga litt inn og sydde på ein sjøgrøn vintageknapp som pynt.
Måtte ha litt pynt på den raude skjørtedelen, så eg fann fram eit festleg stoff som har vore ei barneromsgardin.






Der var det små bilete av hus, bilar, ei jente og ein gut og ei sol. Klipte ut nokre av desse motiva og brukte som applikasjonar.  Syns kjolen blei morsom og gler meg til å ta den i bruk:)

Så får me tru sommaren kjem snart!!!









Mønster: mitt eige

Str. ca 42/44

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar