Translate

søndag 16. november 2014

KULE REFLEKSAR AV STOFFRESTAR!

Såg ein idè på korleis ein kan sy refleksar. Her er min versjon.
Her kan ein få brukt opp stoffrestar på ein lur måte:)











Eg kjøpte 3 meter med breidt refleksband, på den lokale sy og strikkeforetningen her eg bur. Då fekk eg nok til ca 30 refleksar.  Eg brukte små peparkakeformer til å laga refleksmønster figurar.
Eg har sydd på refleks på begge sider, slik at den er synleg uansett kva veg den snur seg.

Refleksane er doble og det er stroke på tjukk vliselin på baksida av dei to delene, som så er sydd saman med sikksakk-saum og så er det sydd fast ei svart anorakksnor som er bretta dobbelt og har fått tredd innpå ei sikkerheitsnål til å festa på jakken.

VIKTIG Å BRUKA REFLEKS PÅ DENNE TIDA AV ÅRET!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar