Translate

lørdag 7. januar 2012

Redesignkjole er alltid spanande....

 

Her er den siste kjolen eg har sydd. Redesignkjole i grått. Utgangspunktet var ein bluse, som eg kjøpte på ein bruktbutikk for nokre månader sidan. Eg klipte av ermene og nedre del av "bolen" på blusen. Laga så til nye ermer i eit grått syntetisk stretchstoff, frå S&S. Klipte så til eit midtstykke, som skulle gå over bysten og enda rett under bysten. Klipte så til skjørtedelen av kjolen, i eit grått "denimlook"-stretchstoff, frå S&S.
Syns kjolen blei litt kjedeleg i fargane, så eg fann ut at eg ville pynta kjolen med litt raude detaljar. Klipte ut sirklar i raudt stoff med kvite prikkar, frå ein avlagt bluse, i ulike storleikar. Laga ein stor sirkel på framsida av kjolen og laga ein mindre sirkel i same stoffet som blusen i overdelen. sydde den minste sirkelen oppå den store, og avslutta med ein raud knapp. No blei eg meir fornøgd med kjolen, når den fekk litt meir farge:)
Kjolen sat i grunn heilt perfekt på meg,  så denne kjolen blir min:)

1 kommentar: